Klimamål: Fylket er på etterskot, men framgang i fylkeskommunen

Klimarekneskapen for 2025 viser ei tydeleg todeling: Møre og Romsdal fylke er ikkje i rute til å nå klimamåla, medan Møre og Romsdal fylkeskommune som verksemd oppnår framgang i eigne utsleppskutt.

Ferje som ligg til kai. - Klikk for stort bileteI fylkeskommunen går dei direkte utsleppa frå eigen drift ned, særleg som følge av elektrifisering av ferjedrifta. Eivind Alver, Møre og Romsdal fylkeskommune

I det geografiske området Møre og Romsdal (fylket) har klimagassutsleppa gått sakte ned over tid, men siste år steig dei igjen. Framskrivinga viser at tempoet i utsleppsreduksjonane er for lågt til at fylket når målet om 55 prosent reduksjon av utslepp innan 2030. Industri, olje og gass er den dominerande utsleppskjelda, på andreplass ligg sjøfart. Vegtrafikk og jordbruk deler på tredjeplassen. Desse fire sektorane står for heile 87 prosent av utsleppa i fylket.

Positivt for verksemda

For fylkeskommunen som verksemd er utviklinga meir positiv. Dei direkte utsleppa frå eigen drift går ned, særleg som følge av elektrifisering av ferjedrifta. Verksemda jobbar systematisk etter fylkesplanen og har etablert tiltak som viser målbar effekt.

Energibruk til samferdsel er den dominerande utsleppskjelda. Det er store indirekte utslepp knytt til investeringar og materialbruk som verksemda ikkje har oversikt over. Desse treng fylkeskommunen meir kunnskap om for å kunne reduserast effektivt.

Klimarekneskapen inngår i verksemda sin årsrapport, og gir eit samla bilde av korleis både fylket som område og fylkeskommunen som verksemd utviklar seg.

Kva krev situasjonen av politikarane?

At fylket samla er på etterskot, gjer det nødvendig med tydelegare politiske prioriteringar, særleg nasjonalt.

For fylkeskommunen som verksemd er det nødvendig å:

  • Fortsette reduksjonen av dei store utsleppskjeldene, som ferje og hurtigbåt. Vidare elektrifisering krev både regionale og nasjonale politiske prioriteringar og tilgang på kraft.
  • Prioritere reduksjon av indirekte utslepp høgare, med klimakrav i anskaffingar, klimabudsjett for alle prosjekt og meir bruk av lågutsleppsmateriale.
  • Energieffektivisere, noko som kan gi raske gevinstar med lågare kostnader, mindre klimarisiko og betre ressursbruk.
  • Nytte rolla som samfunnsutviklar for å hjelpe næring, samfunn og innbyggarar med å redusere utsleppa.

Klimarekneskapen konkluderer med at sterke politiske grep blir nødvendige for at fylket Møre og Romsdal skal nå klimamåla – samtidig som verksemda viser at målretta tiltak gir resultat.

Her kan du lese årsrapport 2025 med eige avsnitt om klimarekneskap