Kommunal- og forvaltningskomiteen besøker Møre og Romsdal

Tysdag og onsdag denne veka kjem kommunal- og forvaltningskomiteen på besøk til fylket. På programmet står mellom anna besøk i Ålesund, Haram, Molde og Kristiansund.  

Tysdag – Ålesund og Haram.  

I Ålesund skal komiteen besøke Ålesund kunnskapspark der dei får høyre om utfordringsbildet og satsingsområde. Dei vil også få høyre om kommunedeling og re-etablering av nye kommunar. Det blir også fleire tema.  

Kvelden blir avslutta på Finnøy der Møre og Romsdal fylkeskommune er vertskap for ein middag.  

Onsdag – Molde og Kristiansund

I Molde skal komiteen besøke Innbyggarlabben Innom. Der vil dei få høyre om bærekraftsfylket Møre og Romsdal og integreringsarbeid.  

I Kristiansund skal dei få orientering om digital utvikling og innovasjon og besøke Campus Kristiansund. «Fishan» står også på menyen for komiteen når dei besøker Kristiansund. 

Sjå program under for detaljar

Program for besøket