Kommunal- og forvaltningskomiteen besøkte fylket

Tysdag og onsdag denne veka besøkt komiteen Ålesund, Haram, Finnøy, Molde og Kristiansund. 

Ei gruppe menneske med dressjakke sit på pinnestolar i eit lokale. - Klikk for stort bileteKommunal- og forvaltningskomiteen besøkte denne veka Møre og Romsdal, blant anna Innbyggarlabben i Molde. Møre og Romsdal fylkeskommune

Viktige satsingsområde, kommunedeling og Campus Kristiansund var blant postane under fylkesbesøket.

I Molde var kommunal og forvaltningskomiteen innom innbyggarlabben Innom, der statsforvaltar Else-May Botten og fylkesordførar Anders Riise presenterte satsingane på berekraft og samarbeid i fylket. Nyttårskonferansen, 2025, Digi Møre og Romsdal, Levekårsnettverket og statsetatmøte var blant samarbeidsprosjekta Riise nevnte.

Kommunedirektør Marianne Aasen og Mette Holand i Molde kommune fortalte korleis Innbyggarlaben blir brukt og kva prosjekt som er skapt på arenanen.

I Kristiansund venta mellom anna omvisning på Campus Krsitiansund og Normoria. Kristiansund kommune ved Erik Ingebrigtsen presenterte arbeidet med digital utvikling.

Kommunedeling og re-etablering

Mann i raud genser og kvinne i kvit jakke presenterer informasjon framfor gruppe med menneske - Klikk for stort bileteStatsforvaltar Else-May Botten og fylkesordførar Anders Riise presenterte satsingane på berekraft og samarbeid i fylket. for komiteen. Møre og Romsdal fylkeskommune

Tysdag var komiteen på Ålesund kunnskapspark der statsforvaltaren og fylkesordføraren presentert utfordringsbilde og satsingsområde for Møre og Romsdal. Dei fekk også høyre om prosessen med kommunedeling og re-etablering av Haram kommune.

Kvelden vart avslutta på Finnøy der Møre og Romsdal fylkeskommune var vertskap for middagen.