Ordninga er retta mot kommunar og andre offentlege verksemder med komplekse utfordringar som ikkje let seg løyse gjennom tradisjonelle anskaffingar. I samarbeid med næringslivet kan ein utvikle og ta i bruk nye løysingar, samstundes som økonomisk risiko blir redusert.
Kva er ordninga?
Gjennom Innovative offentlege anskaffingar kan offentlege verksemder få støtte til utviklingsprosjekt i samarbeid med leverandørmarknaden. Målet er å gjere det mogleg å ta tak i utfordringar som har vore for krevjande, risikofylte eller kostbare å løyse åleine.
Kommunar som får støtte, får også prosesshjelp frå DFØ og Leverandørutviklingsprogrammet (LUP). Dette skal sikre god behovsforståing, dialog med marknaden og meir treffsikre løysingar.
Webinar 8. mai
Fredag 8. mai kl. 10–11 arrangerer Forskingsrådet eit digitalt webinar for offentlege verksemder som vurderer å søke. Deltakarane får ei innføring i utlysinga, støtta og søknadsprosessen. Påmelding til webinaret finn du på Forskingsrådet si nettside.
Regional oppfølging
Etter webinaret inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til eit regionalt møte for kommunar med konkrete utfordringar. Målet er å sjå om ordninga er relevant, og om fleire kommunar kan samarbeide om ein søknad.
Fylkeskommunen kan kople inn relevant kompetanse tidleg. Ålesund, Kristiansund og Molde er klare til å gå i bresjen for prosjekt av felles interesse for fleire kommunar og vil bidra aktivt frå starten av. Samarbeid mellom fleire kommunar styrker søknaden, i tråd med Forskingsrådet sitt fokus på skalering.
– Mange kommunar står i utfordringar dei ikkje har klart å løyse åleine. Ordninga gir rom for å utvikle nye løysingar saman med næringslivet, seier Anna-Marie Hatlestad, rådgivar på seksjonen næring og nyskaping i fylkeskommunen.
Meld interesse
Kommunar som ønsker meir informasjon eller vil delta på regionalt møte, kan melde interesse via skjema hos fylkeskommunen. Møre og Romsdal fylkeskommune tar deretter kontakt for vidare dialog.