Kommunar og kunnskap: Full konsentrasjon på NTNU Campus Ålesund
Møre og Romsdal fylkeskommune.
Frå 2. til 6. juni vart det arrangert fire fysiske samlingar, i Volda, Kristiansund, Ålesund og Molde, med til saman over 100 deltakarar. Hensikta med møtearenaene er eit tettare samarbeid.
- Målet med samlingane er å kople saman kompetansen i forskingsmiljø og kommunane i fylket for å samarbeide om forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling for og med kommunane, seier Guri Kaurstad Skrove, rådgjevar i seksjon for berekraftig samfunnsutvikling.
Representantar frå kommunane hadde på førehand meldt inn ulike tema som vart drøfta med forskarar og andre som deltok på samlingane.
- Kommunane er dei som er tettast på samfunnsutfordringane, og dei spelar ei nøkkelrolle i å få til betre praksis og nye framtidsretta løysningar.
- Målet er å saman finne eksisterande kunnskap eller skape nye forskingsprosjekt på desse problemstillingane, og bidra til å kome fram til løysingar, seier Kaurstad Skrove.
Det vil bli arrangert eit digitalt oppfølgingsmøte for samlingane, med plan for vegen vidare. Møtet vil bli annonsert i kalenderen på mrfylke.no.