Kommunestatistikken 2024 lansert

Korleis er folketalsutviklinga, næringsstrukturen eller sysselsettinga i kommunen din? Vi har publisert ferske tal for alle kommunar i Møre og Romsdal.

Tre vaksne held små barn i hendene i eii bygate.  - Klikk for stort bileteI Kommunestatistikken finn du blant anna tal om demografien i kommunen din. Her er store og små ørstingar på tur i bygatene. Erik Birkeland/Tingh

I Kommunestatistikken presenterer vi tal for aktuelle tema i kvar kommune i fylket. I denne omgangen er det temaa folketalsutvikling, flytting, pendling, innvandring og sysselsetting som er blitt oppdatert.

2024-utgåva finn du her.

Målet med kommunestatistikken å formidle oppdatert og relevant statistikk som kommunane kan bruke i planarbeidet sitt. Statistikken er henta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Kommunane kan laste ned presentasjonar med grafisk framstilt statistikk av kommunen, samanlikna med regionen, fylket og landet med bakgrunnsdata.

Statistikken blir oppdatert kvar vår og haust når SSB og andre nasjonale datakjelder oppdaterer sin statistikk.