Kommunestatistikken 2025 er lansert

Korleis er folketalsutviklinga, pendlarstraumen eller sysselsettinga i kommunen din? Vi har publisert ferske tal for alle kommunar i Møre og Romsdal.

To kvinner som sitt på ein benk med kaffekopp framom ein glassfasade - Klikk for stort bileteKommunestatistikken viser mellom anna folketalsutviklinga i kommunane. Foto: Tingh Erik Birkeland, Tingh

Fylkeskommunen oppdaterer kommunestatistikken vår og haust i tråd med når SSB og andre nasjonale datakjelder oppdaterer statistikken sin. 

Målet med kommunestatistikken å formidle oppdatert og relevant statistikk som kommunane kan bruke i planarbeidet sitt. Statistikken er henta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Kommunane kan laste ned presentasjonar med grafisk framstilt statistikk av sin kommune, samanlikna med regionen, fylket og landet med bakgrunnsdata.

I denne omgangen er det tala for demografi/folketalsutvikling, flytting, pendling, innvandring og sysselsetting som er blitt oppdatert. 

Kommunestatistikken 2025 finn du her