Kommunestatistikken er oppdatert

Møre og Romsdal fylkeskommune har publisert ei oppdatering av Kommunestatistikken.

Statistikken våren 2026 gir oppdaterte tal om folketal, flytting, pendling, næringsstruktur og sysselsetting i alle kommunar i fylket.

Kommunestatistikken inneheld grafiske oversikter for kvar kommune, med moglegheit for samanlikning med fylket samla og nasjonale gjennomsnitt. I denne oppdateringa er det særleg folketalsutvikling, flyttemønster, pendling, næringsstruktur og sysselsetting som er oppdatert. Statistikken viser også kor mange innbyggarar som bur i kvar grunnkrets.

Målet er å gi kommunane eit lett tilgjengeleg og oppdatert kunnskapsgrunnlag for planarbeid og analyse. Statistikken kan også vere nyttig for interesseorganisasjonar, media og innbyggarar som ønsker innsikt i samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal.
Kommunestatistikken er digital og blir oppdatert vår og haust.

Har de spørsmål eller innspel til Kommunestatistikken, vil vi gjerne ha tilbakemeldingar. Send oss ein e-post på statistikk@mrfylke.no.

Her er lenke til Kommunestatistikken 2026