Kompetanseheving på skolane, skal lære meir om psykisk helse

Eit stort, felles kompetanseløft er starta i Møre og Romsdal: Lærarar, miljøarbeidarar og skoleleiarar i dei vidaregåande skolane skal dei neste åra jobbe for at barn og unge får den hjelpa dei treng når dei treng det.

Bilde av ein skole. - Klikk for stort bileteTilsette ved dei vidaregåande skolane i fylket er i gang med eit stort, felles kompetanseløft. Aleksander Heggdal / Møre og Romsdal fylkeskommune

Tema det første året: Inkluderande praksis i arbeidet med psykisk helse blant ungdom.

Torsdag 15. august vart det arrangert ein felles fagdag for alle tilsette i dei vidaregåande skolane som jobbar med elevar. Nærmare 2.000 tilsette frå skolane og PPT deltok på Teams.

– Dette er den største felles kompetansehevinga eg har opplevd i mine snart 30 år i Møre og Romsdal fylkeskommune, seier Rune Nordhaug, leiar for leiarnettverket for inkluderande praksis, og til dagleg avdelingsleiar for elevtenesta ved Atlanten vgs. i Kristiansund.

Tilsette: – Vi treng meir kunnskap

Han har kollegaene i ryggen når han seier at temaet er utroleg viktig. Då alle skolane i fylket i november 2022 gjorde ei KOSIP-kartlegging (kompetansekartlegging av spesialpedagogikk og inkluderende praksis) blant skoleleiarar, miljøarbeidarar og lærarar om kva kompetanse dei treng for å utøve ein inkluderande praksis, var svaret frå dei tilsette tydeleg: Dei treng meir kompetanse om psykisk helse.

Kartlegginga vart gjort i samband med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, som vart innført av regjeringa Solberg i 2019. Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er eitt av fleire tiltak som skal bidra til at barn og unge får den hjelpa dei treng når dei treng det. Kompetansen tilsette får skal bli ein integrert del av det skolane jobbar med i kvardagen.

– Kan påverke i møta med ungdom

– Fleire og fleire ungdommar slit med psykisk uhelse. Vi i skolane må sjå at vi i kvardagen bidreg mykje sjølve for å normalisere og betre elevane si hjernehelse i måten vi møter dei på, seier Nordhaug.

Det var Høgskolen i Østfold som hadde det faglege innhaldet på fagdagen. Første del hadde temaet Psykisk helse skapast i dei daglege skoleerfaringane, andre del var Praktisk eksempel på korleis god psykisk helse kan skapast gjennom bevisst relasjonsarbeid.

– Etter å ha jobba med kompetanseløftet etter innføringa i 2019, såg vi at vi må knytte spesialpedagogikk og allmennpedagogikk meir saman, slik at vi kan drive meir inkluderande praksis i møte med elevane. Men for å gjere det, så treng skolane kompetanse. Då vart det sett i gong eit samarbeid med Høgskolen i Volda – og no har vi altså gjennomført første fagdag, seier han.

Eitt år med kompetanseløft

Kompetanseutviklinga i psykisk helse skal gå føre over eit heilt år. Skoletilsette skal delta på to fagsamlingar til. Og så har alle skolane valt eit lokalt fokusområde innanfor psykisk helse-temaet, som dei skal jobbe med lokalt. Dei vil få fagleg støtte frå Høgskolen i Volda.

– Kvifor er fokuset på psykisk helse i skolen så viktig?

– Dersom elevane skal vere i stand til å lære, må dei i utgangspunktet ha ei god psykisk helse. Viss dei har utfordringar som tar fokuset frå dei, det kan være måten dei blir møtt på, eller skolen møter dei på, så er dei ikkje i ein posisjon der dei lærer. Derfor er det viktig at dei har trygge rammar rundt seg, seier Rune Nordhaug.

Rektor: – Nyttig å arbeide med temaet

Rektor Eva Leergaard ved Rauma vgs. meiner kompetanseløftet på psykisk helse er viktig for hennar skole:

– Det er nødvendig å ha enda meir fokus på korleis vi bygger gode og varige relasjonar med elevane våre. Vi må få til skolekvardagen, slik at alle føler seg ivaretatt og inkludert i klassen sin. Læringsmiljøet må bli opplevd som trygt, dei må bli godt kjende både med medelevar og lærarane sine. Ingen kan fjerne alt som kjenst ubehageleg, det må vi lære å tole. Dermed er det nyttig for oss vaksne i skolen å arbeide med temaet psykisk helse, gjennom både kursing, refleksjonar og tett samarbeid mellom oss som er involvert i den enkelte klasse og elev, seier Leergaard.