Kontrollerer 1000 bruer langs fylkesvegane

Med fjord og fjell på nær sagt alle kantar, seier det seg sjølv at det blir eit mangfald av bruer å halde styr på i Møre og Romsdal. For at dei skal vere trygge, må nokon drive systematisk inspeksjon på kvar og ei.  

To personar i lift - Klikk for stort bileteSara Sagild og Ragnhild Relling frå Møre og Romsdal fylkeskommune såg nærmare på Lepsøybrua via lift i haust. Carola Dybvik

Bruene langs fylkesvegane er svært ulike, og kjem i mange storleikar og aldrar. Alt i frå den 800 meter lange, spektakulære Lepsøybrua, til dei gamle steinhvelvsbruene i Geiranger, eller mindre konstruksjonar som nesten går i ett med vegen.  

- Folk flest veit ikkje at det er ei bru ein gong. Om du er spesielt interessert i å vite kvar det er bruer, kan ein sjå etter rekkverk, er tipset frå avdelingsingeniør Sara Sagild. Ho jobbar med forvaltning av bru og ferjekai i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Inspeksjon av bruer blir gjort for å sikre kvaliteten og tryggleiken av bruene. I følge Sagild skal alle bruer ha ein hovudinspeksjon kvart femte år, kor ein ser grundig på alle delane av brua. I tillegg kjem eventuelle enkeltinspeksjonar basert på behov.  

- Vi gjer ROS-analyse av alle bruene, slik at vi kan disponere tida alt etter tilstanden. Vi har ansvaret for svært mange bruer, så eit godt grunnlag er viktig for å kunne gjere gode vurderingar i planlegginga, seier Sagild.  

I 2024 blir det utført til saman meir enn 450 enkeltinspeksjonar og hovudinspeksjonar på bruene langs fylkesvegane. Dette er viktige tiltak for å sikre trafikktryggleik og vegstandard.  

Bru med sjø og himmel - Klikk for stort bileteLepsøybrua er ei av dei lengste bruene i fylket, og ei av dei nyaste. Svein Skeide