Kontrollingeniørane passar på kvaliteten langs fylkesvegane

Med drone, kamera og fagblikk følger kontrollingeniørane opp at arbeidet på fylkesvegane blir gjort i tråd med krav og teikningar.

Når entreprenøren held ved like  eller fornyar fylkesvegnettet,  er det nokon som må følge med på at arbeidet utførast som det skal. På Tredalsbrua i Sunndal er kontrollingeniør Katrine Lødemel Vedeld ein av dei som har det ansvaret.

Førre veke var ho på plass ved brua for å følgje opp arbeidet som no blir gjort der. Med drone, kamera og fagblikk kontrollerer ho både framdrift, kvalitet og at arbeidet blir utført i tråd med teikningar, krav og beskrivinga. 

Sikrar god kvalitet og framdrift i prosjekta

– Det er veldig kjekt å jobbe som kontrollingeniør. Kvardagane er varierte. Eg er mykje ute på prosjekt for å følgje opp det vi og entreprenørane og konsulent, er blitt einige om. Det er mange krav som må følgjast, og då er det viktig å sikre god kvalitet og framdrift i prosjekta, seier Vedeld.

Etterlengta gang- og sykkelbru

I Sunndal blir det no bygd fundament og støttemurar for ei ny gangbru, som skal bli del av gang- og sykkelvegen på Tredalsbrua. Arbeidet er godt i gang. Og med trafikken som suser forbi på bilvegen  er det liten tvil om at det blir svært godt med ei eiga sidebru for dei gåande og syklande.

– Der det er støypt ser eg om det er gjort tråd med teikningane. Eg sjekker plastringa ned mot elva er lagt slik ho skal vere for å hindre utvasking, seier ho. Det er sterk strøm i elva her. 

Dronebruk gir ørneblikk

Kontrollingeniør styrer drone ved Tredalsbrua for å dokumentere arbeidet på brua og området rundt. - Klikk for stort bileteDroneblikk på prosjekta gir full kontroll. Jan Ragnvald Eide

For å få god oversikt nyttar ho også drone i arbeidet.
– Eg flaug drona for å få oversiktsbilde over arbeidet som blir utført. Den er kjekk å ha både for å få gode bilde ovanfrå og under brua, der det ikkje er så lett å kome til.

Sjølv om vinden kan merkast når drona er i lufta, har ho full kontroll, slik det høver seg for ein kontrollingeniør.
– Det går fint å flyge drona. Du merker at ho beveger seg litt med vinden, men det går stort sett greitt.

Viktig bindeledd på dei mange bruprosjekta

Som kontrollingeniør er Vedeld mykje ute på prosjekt rundt om i fylket. Ho følgjer opp at entreprenørane leverer det som er avtalt, og at arbeidet held den kvaliteten som fylkeskommunen krev.

Det handlar ikkje berre om å sjå at noko blir gjort, men om å sjå at det blir gjort rett.

– Vi er veldig nøgde med arbeidet entreprenøren har gjort her på Tredalsbrua. Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med BMO gjennom heile prosessen, seier ho. 

Akkurat no er det mange bruprosjekt på fylkesvegnettet.

– Vi starta med 24 bruprosjekt, og no er vi oppe i 34 som skal vedlikehaldas på kontraktane for 2025 og 2026. Vi reiser vi rundt i heile fylket for å følgje opp desse prosjekta. Mange er ferdige så langt. 

Arbeidsdagar i mektig natur

Jobben tek henne til mange ulike delar av fylket, ofte til stader der naturen er like storslått som oppgåvene er viktige.
– Det er heilt fantastisk å jobbe ute i slik natur. Eg er heldig der, seier Vedeld med den mektige Sunndalsnaturen rundt seg.