Korleis sikre satsing og vidare utbygging av E39 Vestlandsvegen i Nasjonal transportplan 2029-2040?

Vestlandsrådet inviterer til mobilsering i Bergen. 

Tre menn som står ved eit kart over Vestlandet - Klikk for stort bileteDei tre fylkesordførarane i Vestlandsrådet

Vi ønskjer å drøfte innretning, organisering og viktige milepelar for prioritering av E39 Vestlandsvegen i Nasjonal transportplan 2029–2040.

I tillegg til Vestlandsrådet vil du her treffe representantar frå byar og kommunar, regionråd, nærings- og arbeidslivsaktørar, stortingspolitikarar og politisk leiing i samferdselsdepartementet.

På konferansen vil du mellom anna få presentert ein fersk rapport av Oslo Economics, med oppsummert kunnskapsgrunnlag for prioritering og satsing på utbygging av E39 Vestlandsvegen.

På programmet vil det og i regi av tenketanken Initiativ Vest bli presentert ein alternativ utbyggings- og finansieringsstrategi for vegstrekninga. 

Trykk her for påmelding og registrering

Det endelege programmet vil bli publisert og sendt ut seinare i god tid før konferansen.

Les meir om Vestlandsrådet på vestlandsraadet.no