Det var kultur- og folkehelseutvalet i fylkeskommunen som samrøystes vedtok fordelinga.
Tilskot går i år mellom anna til takoverbygg på isbanen i Isfjorden i Rauma, ny fotballhall i Tingvoll, aktivitetspark i Sæbø i Ørsta, og trakkemaskingarasje ved Skodje stadion i Ålesund. Det er elles løyva midlar til ei lang rekke nærmiljøanlegg som turstiar og mindre ballflater.
Færre søknadar
Det er færre søknader i Møre og Romsdal i år enn i fjor, og søknadsbeløpet for fylket på 178 mill. kroner er nesten 100 mill. kroner lågare enn i fjor. Trenden med nedgang er den same for landet samla sett.
Det blir gitt tilskot til 122 av til saman 153 godkjente søknader her i fylket, og ventetida på å få midlar går stadig ned. Den er på under eitt år i gjennomsnitt i Møre og Romsdal no.
– Gledeleg
– Det er veldig gledeleg å sjå at så mange av dei som søker om tilskot i år får tildelt midlar, seier Roger Bach, nestleiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Bach viser til at så mykje som 80 prosent av søkarane som hadde ein formelt godkjent søknad får tilskot i år. Og ikkje nok med det:
– Vi har over 7 millionar kroner frå mellom anna opparbeidde renter i ordninga, og dei vil bli fordelt i løpet av hausten. Desse midlane blir heldt tilbake til ei eventuell klagebehandling er over. Det vil dermed bli fordelt over 112 millionar kroner til saman i 2026, seier Bach.
Dei som ikkje får midlar i år kan fornye søknaden sin i komande søknadsrunde.
Saksframlegg og møteprotokoll frå kultur- og folkehelseutvalet tysdag 9. juni
- Tilskotsmidlar er pengar som fylkeskommunen deler ut til aktivitet og prosjekt i lag, organisasjonar, institusjonar og andre aktørar. Driftstilskot er avgrensa til aktørar med ein regional funksjon og nedslagsfelt i fylket.
- Midlane kan vere statlege eller fylkeskommunale, men fylkeskommunen har ansvar for utlysing, søknadsbehandling og oppfølging.
- I 2025 (2024-tal i parentes) behandla kulturavdelinga 2 495 (2 435) søknadar og fordelte 109,7 ( 104,9) mill. kroner i fylkeskommunale midlar og 200,4 (149,3) mill. kroner i statlege midlar.
- Tilskotsarbeidet er ressurskrevjande og ei av dei mest arbeidsintensive oppgåvene i kulturavdelinga.
- Når søknadsmengda er større enn tilgjengelege midlar, må fylkeskommunen prioritere, og nokre prosjekt får avslag eller lågare tilskot enn søkt.