Kraftig vekst i søkartala til Fagskolen Møre og Romsdal

Fagskolen Møre og Romsdal har ein markant auke i søkartala til studieåret 2026–2027. Talet på førsteprioritetssøknadar har auka med 22 prosent frå studieåret 2025–2026.

– Ein auke på 22 prosent i studentar som vel oss som førsteval, er svært gledeleg, seier rektor Helene Hanken.

60 søkarar til elkraft

Frå hausten 2026 tilbyr skolen for første gong utdanninga elkraft som deltidsstudium med nettundervisning og samlingar. Tilbodet har fått stor interesse, og 60 søkarar har dette som førsteprioritet.

– Elkraft på deltid har vore etterspurd av næringa i fylket i fleire år, og det er svært positivt at vi no kan tilby utdanninga, seier Hanken.

Helse og oppvekst

Skolen tilbyr også fire utdanningar innan helse og oppvekst frå hausten 2026. Nytt i år er tilboda psykisk helse og rusarbeid, samt demens og psykisk helse hos eldre ved studiestad Ålesund. Ved studiestad Kristiansund kjem i tillegg utdanningane helseteknologi og barn med behov for særskilt tilrettelegging. Tilboda innan helse og oppvekst  er ikkje fullteikna, og ledige studieplassar blir lagde ut etter 1. juni.

Fleire vel deltidsløysingar

Det er god søking til alle tekniske utdanningar innan deltid; bygg, elkraft og maskinteknikk som vert tilbydde som deltid nett med samlingar frå hausten. Nokre vil i tillegg bli tilbydd også som heiltidsutdanning, i tillegg til deltid. Skolen ser ein tydeleg trend der fleire vel deltidsløysingar for å kombinere jobb og utdanning.

Maritime utdanningar blir tilbydde ved begge studiestadene og har framleis god søking. Det same gjeld prosessteknikk i Kristiansund.

Søknadsfristen for universitet, høgkole og fagskole var 15. april.

Ledige studieplassar blir lagde ut 1. juni. Meir informasjon finn du på fagskolenmr.no.

På nettsida til Samordna opptak finn du tal og statistikk for søking til høgare utdanning.