Kråkebolle fotografert i Atlanterhavsparken, Ålesund.
Ingvild Dverseth Sæter
Forskarar frå mellom anna Universitetet i Oslo og Akershus universitetssjukehus peikar i ein vitskapleg artikkel på kråkebollar som ei lovande, naturleg kjelde til behandlingar mot aldersrelaterte sjukdomar.
Kan verne kroppen
Forskinga viser at bioaktive stoff frå kråkebollar kan verne kroppen mot fleire viktige mekanismar knytte til aldring og sjukdom. Kråkebollane inneheld antioksidantar, betennelsesdempande stoff og ei rekkje andre komponentar som kan bidra til å redusere celleskade, betre stoffskiftet og styrkje kroppen si evne til å reparere seg sjølv.
Studiar viser òg at desse stoffa kan ha effekt mot fleire utbreidde helseutfordringar som hjarte- og karsjukdomar, diabetes og nevrodegenerative sjukdomar som Alzheimers og Parkinsons. Effektane er mellom anna knytte til redusert oksidativt stress og betennelse, som spelar sentrale roller i aldringsprosessar. Kråkebollar er allereie ein viktig matressurs i fleire land, og dei er rike på protein, mineral og sunne feittstoff. Dette gjer dei særleg interessante som næringsmiddel, men og som utgangspunkt for utvikling av nye medisinar og kosttilskot.
– Stort potensial
Kristiansundsbedrifta Seabed Innovation AS haustar og foredlar kråkebollar, både som matprodukt og som råstoff for verdifulle bioaktive sambindingar.
– Kråkebollar representerer ein lite utnytta ressurs med stort potensial for berekraftig verdiskaping frå havet, og med produkt som gir positive matopplevingar og helseeffektar, seier dagleg leiar Steinar Ludvigsen.
Fått støtte til forsking
Selskapet har tidlegare fått støtte frå fylkeskommunen si Regionale forskingsfinansiering og frå Innovasjon Noreg for å sjå på moglegheitene for berekraftig utnytting av kråkebollar. Hausting av kråkebollar langs norskekysten handlar både om verdiskaping og økologisk restaurering. Store bestandar av kråkebollar påverkar økosystema negativt gjennom nedbeiting av tareskog. Auka utnytting av denne ressursen har difor fleire positive effektar.
Sjølv om dei nyaste forskingsresultata er lovande, understrekar forskarane at mykje av kunnskapen framleis er basert på laboratorie- og dyrestudiar. Det er difor behov for større, godt utforma studiar på menneske før potensialet kan takast i bruk i klinisk behandling.