Kranselag for Spjelkavik Arena

150 personar fekk servert kyllinggryte då byggherre Møre og Romsdal fylkeskommune tysdag inviterte til kranselagsfest på Spjelkavik Arena.

Folk rundt eit bord. - Klikk for stort bileteKranselag på Spjelkavik Arena. Therese Giskeødegård Osvik

Etter maten vart det servert kaffi og kake.

Spjelkavik Arena er ein ny idrettshall i tilknyting til Spjelkavik vgs. Hallen er på omtrent 6.600 kvm. BTA og får 13 meter innvendig fri høgde. Hallen rommar lokale til kroppsøving og idrettsfag, samt lokale til kampsport, i tillegg til tilhøyrande vrimleareal, garderobar og lager. 

Overlevering skjer 4. oktober 2024 frå totalentreprenør Consto AS til Møre og Romsdal fylkeskommune.