Krev at regjeringa ryddar opp i situasjonen som har oppstått

I ein uttale krev eit samla fylkesutval at regjeringa er tydeleg på kven som har ansvar for å sikre god beredskap.

En ferjekai med en ferje. Foto - Klikk for stort bileteLinge ferjekai. Møre og Romsdal fylkeskommune

Bakgrunnen er konkret knytt til beredskapen på sambandet Eidsdal-Linge.

Her er uttalen, som vart vedtatt einstemmig, og som blir sendt regjeringa:

«Alle innbyggjarar har rett til å vere sikra god beredskap. Det er viktig for tryggleiken til den einskilde at ein skal vere sikra hjelp når ein ringer nødnummer, uavhengig av kvar ein bur.

Møre og Romsdal er eit fylke med mange fjordar og øyer der det er nattestengde ferjesamband, og som vert operert av berre ei ferje, dette er sjølvsagt utfordrande for beredskapen og bruk av ambulanse som er avhengig av ferje.

Møre og Romsdal fylkeskommune har teke opp denne problemstillinga med Helse Møre og Romsdal for å finne ei løysing, konkret knytt til sambandet Eidsdal-Linge. Det har ikkje lukkast å finne ei løysinga saman med helseføretaket som sikrar beredskapen utifrå gjeldande ansvarsfordeling heimla i lovverket. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og samferdselsdepartementet jobbar også med denne saka.

Møre og Romsdal fylkeskommune krev at statsministeren, samferdselsministeren, justis- og beredskapsminister, helse- og omsorgsministeren tek sitt beredskapsansvar og ryddar opp i situasjonen som har oppstått.

Det må gjerast tydeleg kven som har ansvar for å sikre god beredskap, samstundes som lovpålagd skuleskyss kan utførast. Fylkeskommunen vil sjølvsagt vere ein positiv medspelar for å bidra til å finne gode løysingar for alle.

Regjeringa la nyleg fram totalberedskapsmeldinga med stort fokus på væpna konflikt. Fylkeskommunen minner om at beredskap også må fungere godt i fredstid.»

Fylkesutvalet - Klikk for stort bileteFylkesutvalet samla måndag. Heilt fremst: Fylkesordførar Anders Riise og fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak. Per-Kristian Bratteng

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for fylkesutvalet måndag 27. januar