Utviklingsprosjektet tar utgangspunkt i tre ulike satsingar:
- Bakgården: Fritidsarena og møteplass for datakultur på kveldstid. På dagtid brukast Bakgården som en variert opplæringsarena for kunst og kulturfag i grunnskolen.
- ADA – utviklingslab: Ein arena for å utvikle kunst og kultur der barn og unge er publikum.
- Newtonrom: Variert opplæringsarena for grunnskole innan realfag. Opnast på Campus Kristiansund neste haust.
Satsingane har ulik bakgrunn, ulike målgrupper og ulik bruk – og til saman utgjer dei ein innovativ satsing for opplæring innan kunstfag, realfag og teknologi – og eit helt nytt tilbod for profesjonelle kunstnarar frå heile Noreg.
Dette er ADA
- ADA-prosjektet er eit samarbeid mellom Kristiansund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Stiftelsen First Scandinavia og Kulturtanken – Statens fagetat for kunst og kultur til barn og unge, og Sparebanken Møre.
- ADA skal gi profesjonelle kunstnarar enda betre føresetnadar for å utvikle kunst og kultur der barn og unge er publikum.
- I tillegg til å vere arena for utvikling og produksjon, skal ADA utviklingslab vere eit tilbod som fremmer samarbeid mellom aktørar innan forsking, utdanning og innovasjon i grensesjiktet mellom kunst, kultur og teknologi.
Fleire unge får eit tilbod
– At det finst eit tilbod for alle barn og unge i Kristiansund, uavhengig av preferanse og interesse, er veldig viktig for oss, seier banksjef Tore Vevang i Sparebanken Møre, som bidreg i eit nytt offentleg-privat innovasjonssamarbeid i prosjektet ADA.
– Med å slå saman krefter i form av engasjement, samfunnsoppdrag, pengar og arbeidskapasitet, lagar vi no tilbod som i beste konsekvens både bidreg til å styrke kulturell og kreativ næring og førebygger utanforskap og fråfall frå skole og fritidsaktivitetar, seier Elin Kanck Lorentzen, prosjektleiar for ADA og leiar for innovasjon og utvikling ved Campus Kristiansund.
Rammar for prosjektet
Partane samarbeider om utviklingsprosjekt i tre fasar: Oppstarts- og utviklingsfase (haust 2022 og vår 2023), testfase skoleåret 2023/2024, overgang til drift av tilboda er forventa frå 1.8.2024.
Prosjektet har ei planlagt totalramme på litt i underkant av fire millionar kroner. Kulturtanken har gitt tilskot til prosjektet på 1,5 mill. kr gjennom ordninga «Digitale innovasjonsmidler». Pressemelding om tildelinga kan lesast på denne lenka.
Sparebanken Møre går inn med 800.000,- over ein toårsperiode. Resten blir finansiert med hjelp av midlar frå kommune og fylkeskommune, i tillegg til noko eigeninnsats.
Dei tre satsingane
- Newton-konseptet er godt etablert, med stor erfaring frå etablering, drift og vidareutvikling av varierte opplæringsarenaer for grunnskole innan realfag. Stiftelsen FIRST Scandinavia eig konseptet. Molde og Sunndal har Newtonrom, og nå kjem altså det tredje i fylket, i Campus Kristiansund. Les meir om Newtonrom på denne lenka. Ansvar: Liv Bente Nyheim, Kristiansund kommune
- ARKADEN - møteplass for datakultur er tilbod i regi av Bakgården ungdomsklubb i Kristiansund. Bakgården opna dørene i fjor haust, og har eit variert tilbod til ungdom, også innan ulike kunst- og kulturaktivitetar. I prosjektet ønsker partane å sjå om Bakgården og Arkaden kan fungere som opplæringsarena for skoleelevar på dagtid. Ansvar: Mattis Himo, Kristiansund kommune.
- ADA - nasjonal utviklingslab skal ha som formål å gi profesjonelle kunstnarar enda betre føresetnadar for å utvikle kunst og kultur der barn og unge er publikum. I tillegg til å vere arena for utvikling og produksjon, skal ADA-LABen også vere eit tilbod som fremmar samarbeid mellom aktørar innan forsking, utdanning og innovasjon i grensesjiktet mellom kunst, kultur og teknologi.