Kristoffersen blir prosjektleiar for nye Campus-utdanningar

Steinar Kristoffersen er tilsett i eit deltids engasjement som prosjektleiar for å skaffe nye, unike og økonomisk berekraftige utdanningar til Campus Kristiansund.

Portrett av ein mann i lys skjorte - Klikk for stort bileteSteinar Kristoffersen Høgskolen i Molde

Kristoffersen er i dag rektor ved Høgskolen i Molde, ein jobb han har fram til 1. august. Då går han tilbake til å vere professor i IT der, i kombinasjon med engasjementet som prosjektleiar.

Fylkestinget vedtok i 2022 å opprette eit prosjekt for å få opp fleire relevante og unike utdanningar, som møter regionale behov og samtidig også kan ha nasjonalt nedslagsfelt. Dette for å styrke kompetanse, rekruttering og konkurransekraft i arbeids- og næringslivet, og bidra til å skape det innovative utviklingsmiljøet på Campus Kristiansund.

Lyst ut i to omgangar

Møre og Romsdal fylkeskommune har i to omgangar lyst ut stillinga som prosjektleiar, men har ikkje lykkast med å finne rett person. Ikkje før no.

- At Steinar Kristoffersen no har moglegheit til å ta på seg jobben som prosjektleiar, er vi veldig tilfredse med. Hans faglege kompetanse og breie erfaring frå universitets- og høgskolesektoren vil vere av stor verdi for arbeidet med å bygge sterkare fagmiljø og nye tilbod på Campus Kristiansund, seier leiar for berekraftig samfunnsutvikling, Oddny Wiggen.

Viktige ingrediensar

Steinar Kristoffersen seier at ny teknologi, omstillingsevne og kompetanseløft for heile befolkninga blir viktige ingrediensar i arbeidet med å skaffe nye utdanningstilbod til Campus Kristiansund.

- Prosjektet eg er på veg inn i, skal utfylle og binde saman eksisterande initiativ frå Høgskolesenteret, Møre og Romsdal fylkeskommune og utdanningsinstitusjonane, seier Kristoffersen.

Pådrivarrolle

Møre og Romsdal fylkeskommune tok i 2017 ein aktiv pådrivarrolle for arbeidet med Campus Kristiansund. Målet med den tunge satsinga var å etablere ein praksisnær campus som eit kraftsenter i regionen. Fylkeskommunen har sidan hatt prosjektansvaret og prosjektleiaren, og er 50 prosent eigar i Campus Kristiansund Drift AS.

Anleggsarbeidet ved Campus starta 1. mars 2022, og første byggetrinn skal stå ferdig hausten 2024.

 Kontaktpersonar:

  • Steinar Kristoffersen, telefon 926 69 831
  • Oddny Wiggen, leiar, seksjon for berekraftig samfunnsutvikling, telefon 906 64 446 ​​​