Kronikk skrive av Tone Nord, fylkestannlege i Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkestannlege Tone Nord.
Magnar Fjørtoft
Energidrikkene er lett tilgjengelege, ofte marknadsførte mot ungdom, og blir konsumert i stadig yngre alder. Når tennene enno er under utvikling, og evna til å forstå langsiktige konsekvensar er avgrensa, er det ikkje nok å stole på individuell ansvar og informasjon aleine. Difor er det på høg tid med ei aldersgrense – eit strukturtiltak som kan hindre varige helseskadar og bidra til å redusere forskjellar i helse.
Energidrikke er ikkje laga for barn, og konsekvensane av tidleg og hyppig bruk kan vere alvorlege og irreversible.
Ei aukande tannhelseutfordring blant barn og unge
Tannhelsa blant barn og unge har blitt klart betre dei siste tiåra, mykje takka vere kunnskap om førebygging. Samanhengen mellom sukkerinntak, fluor og god munnhygiene har fått mykje merksemd og ført til ein nedgang i karies (hol i tennene). Men ei ny utfordring har vokse fram: Inntaket av brus og energidrikke aukar, både med og utan sukker. Det som færre er merksame på, er at sure drikker med låg pH løyser opp emaljen og vaskar denne bort. Resultatet blir varig slitasje – tennene får ising, misfarging og blir svekka i både funksjon og utsjånad.
Kvifor er energidrikke spesielt alvorleg?
Noreg har eit høgt bruskonsum. Sukkerbrusen har gått litt ned, men totalt volum held seg stabilt fordi sukkerfrie alternativ tek over. Samtidig viser undersøkingar at stadig fleire ungdommar drikk energidrikke regelmessig – og for energidrikker er det fleire som vel med sukker enn det er for brus. Desse drikkane er ikkje laga for barn, og har merking som seier at dei ikkje er tilrådde for barn. Grunnen er det høge innhaldet av koffein, som påverkar nervesystemet og kan skape uro, søvnproblem, avhengigheit og kroppsleg uro. Kombinert med sukker aukar det også risikoen for hol i tennene og overvekt.
Barn har lågare toleranse og mindre kropp å fordele verknaden på. Dei er i utvikling og har ikkje like god evne til å forstå konsekvensar. Når dei i tillegg startar tidleg og konsumerer mykje, blir dette ein reell helserisiko – og eit ansvar samfunnet må ta.
Kven skal ta ansvaret: Barna eller samfunnet?
Regjeringa har foreslått aldersgrense på 16 år for kjøp av energidrikke. Forslaget har vore ute på høyring. Fleire støttar forslaget, og mange meiner grensa burde ligge på 18 år fordi det er ungdom mellom 16 og 18 som drikk mest. Nokre meiner det bør vere opp til kvar enkelt, så lenge informasjon om risiko er tilgjengeleg.
Men problemet er at informasjon åleine ikkje verkar godt nok. Kampanjar og advarslar på boksane har liten effekt. Venepress og sosiale vanar spelar ei større rolle. Aldersgrense er eit strukturtiltak som faktisk fungerer. Tiltak som mindre pakningar og mindre synleg plassering i butikk har mindre innverknad direkte på barn og unge som målgruppe for tiltak.
Å la kvart individ ta fullt ansvar for eiga helse fører ofte til større forskjellar. For å få ned forbruket treng vi grep som gjeld for alle barn og ungdomar – og aldersgrense er eit av dei mest effektive.
Syreskadar forsvinn ikkje
Syreskadar frå brus, energidrikke og smakssett vatn er permanente. Tennene får ikkje tilbake emaljen. Det gjeld sjølv om drikken ikkje inneheld sukker som kan gi hol. Førebygging må starte tidleg, før skaden er skjedd.
Ein sunn livsstil fremmer god munnhelse. Løysinga er enkel: Drikk meir vatn. Det er trygt, gratis og vernar både helse og tenner!
Kontaktperson:
Tone Nord,
fylkestannlege,
telefon 95 46 85 00