Kronikk: Dårleg ferjeøkonomi bremsar utviklinga av fylkesvegnettet og kollektivtrafikken

Statlege ferjeruter får full kostnadsdekning for ferjedrifta. Det er ikkje feil – feilen er derimot at fylkesvegferjene ikkje får det same. Denne forskjellsbehandlinga rammar reisande i heile Møre og Romsdal. 

Kronikk skrive av Jesper Wiig, samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune 

Bilde av Jesper Wiig. - Klikk for stort bileteSamferdselsdirektør Jesper Wiig. Magnar Fjørtoft / Møre og Romsdal fylkeskommune

Situasjonen blir verre år for år om ikkje staten gjer noko med fordelinga. Det er viktig at staten retter opp i dette slik at vi også framover kan oppretthalde dagens ferjetilbod.

Prinsippet er at fellesskapet sine midlar skal sørge for eit godt ferjetilbod, enten det er staten eller fylkeskommunen som driv ferjene. I staden opplever vi at staten ikkje betalar det det kostar å drive fylkesvegferjene i Møre og Romsdal. I 2024 betalar staten 230 millionar kroner mindre enn det det kostar å drifte ferjetilbodet vi har i dag. For å halde oppe eit tenleg ferjetilbod, blir fylkeskommunen tvungen til å prioritere ned andre viktige samferdselsoppgåver. 

På nokre ferjesamband har fylkeskommunen fleire avgangar enn kva staten legg til grunn. Mi oppfatning er likevel at innbyggarane i vårt fylke ikkje opplever ferjetilbodet som for godt.

Før vi går inn på forskjellane i korleis pengane til ferjedrift blir fordelt i Noreg, må vi klargjere nokre omgrep. 

  • Fylkesvegferjer: Ferjer på fylkesvegnettet. Det er fylkeskommunane som har driftsansvaret i sine fylke, og i Møre og Romsdal er det fylkeskommunale FRAM som administrerer kollektivtilbodet. 
  • Riksvegferjer: Ferjer på riksvegnettet, som Statens vegvesen har ansvar for. I Møre og Romsdal gjelder det ferjene på E 39 gjennom fylket.   
  • Ferjefinansieringsmodellen: Modell for overføring frå staten til fylkeskommunane for å drive fylkesvegferjene.

Manglar 240 mill. kr 

Overføringar frå staten og billettinntekter er ikkje nok til å dekke kostnadane for drifta av fylkesvegferjene i Møre og Romsdal. Dei siste berekningane viser at underfinansieringa vil bli på 240 millionar kroner berre i 2024. Det fortel litt om storleiken på beløpet at sjølv ikkje ei dobling av ferjetakstane i fylket vil dekke heile driftsunderskotet.  

Her er reknestykket for fylkesvegferjene i Møre og Romsdal for 2024, slik det ser ut no: 

Statleg rammetilskot    711 mill.              

+ Billettinntekter              214 mill.              

- Kostnadar ferjedrift    1.165 mill.          

= Driftsresultat                  - 240 mill.           

Årsaka til at fylkeskommunedirektøren fleire gongar har foreslått både å auke ferjetakstar og redusere tilbod, er at tilskota frå staten er for låge samanlikna med tilbodet vi har i dag. Desse forslaga er ein del av innsparingane for å få ferjedrifta i balanse, men innsparingstiltaka er på langt nær nok. Dersom ein skulle redusert kostnadane ved å kutte i ferjeavgangar, vil ikkje ferjetilbodet i Møre og Romsdal vere til å kjenne att.

Meir til ferje = mindre til veg 

Konsekvensane er alvorlege for befolkninga i fylket. Dersom vi ikkje får kontroll på ferjeøkonomien, vil det mellom anna føre til at det for eksempel ikkje er pengar nok til å legge ny asfalt på fylkesvegane, og det vert ikkje høve til å gjere nye investeringar i for eksempel bruer og tunellar på fylkesvegnettet.

Får vi ikkje får kontroll på vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet, kan det i Møre og Romsdal bli fleire stengte vegar enn Trollstigen. I Møre og Romsdal er dei fleste vegane fylkesvegar, og det er fylkesvegnettet som har den største trafikken.

Prisstigning og gratisferjer

Kvifor er det blitt slik? Eg vil peike på to utfordringar som kvar for seg og til saman, bidreg til at fylkesvegferjene er i eit så krevjande økonomisk uføre: 

  • Prisstigning, som ikkje blir kompensert 
  • Gratisferjer og reduserte ferjetakstar, som svekker moglegheita til å bruke takst som verkemiddel for å auke billettinntektene

Når det gjeld prisstigninga: Møre og Romsdal fylkeskommune hadde frå 2022 til 2023 ei auke i netto driftskostnadar knytt til fylkesvegferjedrifta på 15,6 prosent. Men fylkeskommunen får berre kompensert for 4,5 prosent, som er pris- og lønsveksten i kommunesektoren (kommunale deflatoren). Dette er svært alvorleg for økonomien.

Når det gjeld gratisferjer og reduserte ferjetakstar: Når staten har bestemt at 10 av 20 ferjer i fylket skal vere gratis, har vi ei svekka moglegheit til å auke billettprisane for å auke inntektene. Det seier seg sjølv at det vil bli urimelege høge takstar på dei resterande ti sambanda dersom vi skulle skrudd opp prisane tilsvarande for å betre økonomien.

Desse to utfordringane er vanskeleg for fylkeskommunen aleine å løyse. Vi treng at det er like spelereglar for ferjedrifta, for oss og staten.

Ulike spelereglar

Som samferdselsdirektør i Møre og Romsdal er det mi oppgåve å opplyse om forskjellsbehandlinga som fylkesvegferjene, og dermed heile samferdselsområdet i fylket, blir utsett for. Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal har eit etterslep på 16,8 mrd. kroner. Utan at staten kompenserer dei faktiske kostnadane for ferjedrifta, er det ein fare for at fylkesvegnettet også framover vert salderingspost nummer ein. Dette er ikkje haldbart.

Ein graf fortel det meste : Mens riksvegferjene i 2024 får 536 prosent meir enn i 2014 i rammeoverføring frå staten, er tilsvarande auke for fylkesvegferjene på 165 prosent.

Grafikk som fortel om ulik finansiering av riksvegferjer og fylkesvegferjer. - Klikk for stort bileteGrafikk som viser at mens riksvegferjene i 2024 får 536 prosent meir enn i 2014 i rammeoverføring frå staten, er tilsvarande auke for fylkesvegferjene på 165 prosent. Møre og Romsdal fylkeskommune

Om fylkeskommunen hadde opplevd den same utviklinga som Statens vegvesen, ville det ikkje vore nødvendig å foreslå både kutt i opningstid og auke i ferjetakstane. Og hadde forskjellane blitt utlikna, hadde vi fått meir asfalt og mindre vedlikehaldsetterslep på kvardagsvegane. 

Må lytte til bodskapen 

Vår fylkesordførar Anders Riise deltok før sommaren i ei høyring om statsbudsjettet og peikte på kor urettferdig ferjefinansieringsmodellen er.

Eg håpar sentrale myndigheiter lyttar til bodskapen frå fylkesordføraren vår og retter opp ulikheitene.