Kronikk: Det viktigaste er kva elevane får igjen

Når ungdom skal velje vidaregåande opplæring, skal dei kunne vere trygge på éin ting: Skulen dei vel, skal gi dei gode moglegheiter både i dag og i framtida.

Kronikk skrive av Barbro O. Midtgård, rektor Sykkylven vgs, og Tove Lersveen, konst. rektor Stranda vgs.

Det er utgangspunktet når Stranda vidaregåande skule og Sykkylven vidaregåande skule no blir éin felles skule med to skulestadar. Målet er ikkje endring for endringa si skuld. Målet er å sikre elevane eit stabilt, robust og framtidsretta skuletilbod, samtidig som dei framleis kan gå på skule i lokalmiljøet sitt.

Mange forbind samanslåingar med organisering, administrasjon og nye strukturar. For elevar og føresette er spørsmålet enklare: Blir skuletilbodet betre?

Vi meiner svaret er ja.

Eit sterkare grunnlag for læring

Vi bruker ofte uttrykket «sterke fagmiljø». Men kva betyr eigentleg det for ein elev som sit i klasserommet?

Kvinne - Klikk for stort bileteBarbro O. Midtgård. Tommy Rasmussen

Det fører til at skulen blir mindre sårbar og får større samla kompetanse å spele på. Når fagmiljøa samarbeider tettare, får lærarane fleire kollegaer å samarbeide med og lære av. Det kjem elevane til gode gjennom enno betre undervisning.

Det handlar også om å kunne utvikle og halde oppe gode fagtilbod over tid. Ein vidaregåande skule må vere rusta til å møte endringar i arbeidslivet, nye kompetansebehov og elevane sine ulike interesser og ønskje.

Ved å stå samla får vi eit større fagleg fellesskap enn kvar skule kan ha åleine.

Det skal elevane merke.

Éin skule med to skulestadar

Samanslåinga betyr ikkje at elevane i Stranda skal miste skulen sin, eller at elevane i Sykkylven skal miste sin. Målet er ein felles skule med tydelege og robuste tilbod på kvar av stadane.

For elevane er nærleiken viktig. Det er viktig å kunne gå på vidaregåande skule i eige lokalmiljø. Det gjer det mogleg for fleire å bu heime, halde fram med fritidsaktivitetar og vere ein del av lokalsamfunnet medan dei tek vidaregåande opplæring.

Kvinne - Klikk for stort bileteTove Lersveen. Rita Løseth, Nyss

Slik skal det også vere framover.

Samstundes skal elevane kunne dra nytte av at skulen er større enn før. Når fagmiljøa på Stranda og i Sykkylven samarbeider som delar av same skule, kan vi dele kompetanse, erfaringar og idear på tvers av Strandafjellet.

Det er ein styrke.

Fleire moglegheiter og mindre sårbarheit

For føresette er det naturleg å vere opptekne av om ungdomane får eit godt og føreseieleg skuletilbod. Det er også naturleg å spørje kva ein faktisk vinn på å slå saman to skular.

Ein viktig del av svaret er at ein samla skule står sterkare når elevkulla varierer, og når det blir endringar i kompetansebehov og arbeidsmarknad.

Vi skal kunne planleggje for framtida, ikkje berre for neste skuleår.

Ein robust skule er ein skule som har kapasitet til å utvikle seg. Det handlar om å kunne rekruttere og behalde dyktige lærarar, byggje gode fagmiljø og sikre at elevane får eit relevant tilbod også når behova endrar seg.

Det handlar med andre ord om å gi ungdomane våre eit best mogleg utgangspunkt for vidare utdanning, arbeid og livet dei skal byggje etter vidaregåande.

Viktig for heile lokalsamfunnet

Ein vidaregåande skule er meir enn klasserom, lærarar og elevar.

Skulen er ein viktig del av lokalsamfunnet. Skulen skaper aktivitet, arbeidsplassar og møteplassar. Skulen bidreg til at ungdom kan ta utdanning i nærmiljøet, og skulen er ein viktig del av grunnlaget for at kommunane våre også i framtida skal vere attraktive stader å bu og arbeide i.

Difor er det viktig å sikre ein skule som er sterk nok til å stå seg over tid.

Å vere éin skule betyr ikkje at vi skal miste den lokale identiteten. Vi skal framleis vere ein skule som kjenner elevane, nærmiljøet og arbeidslivet rundt oss. Forskjellen er at vi skal gjere det som éin organisasjon og eitt fagleg fellesskap.

Det handlar om ungdomane våre

Endringar i skulestrukturen skaper naturleg nok spørsmål. Det skal vi ta på alvor.

Men når vi ser framover, meiner vi at det viktigaste er å spørje kva som gir ungdomane våre den beste skulen – ikkje berre i dag, men også i åra framover.

Vi meiner svaret er ein skule som står sterkare saman.

Ein skule med sterke fagmiljø. Ein skule med tydelege og robuste tilbod på kvar av stadane. Ein skule som tek vare på den lokale tilhøyrsla, samtidig som skulen gir elevane tilgang til eit større fagleg fellesskap.

Målet er enkelt: å sikre ungdomane i Stranda og Sykkylven eit godt, trygt og framtidsretta skuletilbod.

For til sjuande og sist handlar dette ikkje om strukturar eller organisasjonskart.

Det handlar om ungdomane våre. Om moglegheitene deira. Og om å gi dei eit endå betre grunnlag for framtida.