Kronikk: Skredvarsling i Geiranger: Teknologi som reddar liv – og krev tolmod

No tek Møre og Romsdal fylkeskommune eit stort steg inn i framtida med nytt skredvarslingsanlegg på fylkesveg 63 mellom Grande og Geiranger. Den nye teknologien representerer tryggleik – og er eit resultat av samarbeid og vilje til å satse. 

foto av mast  - Klikk for stort bileteRadarmast ved Ørnesvingane i Geiranger Kristian Bjørdal

Kronikk skrive av Ole Jan Tønnesen, fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, og Torbjørn Vatnehol, prosjektsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune .

Geiranger er eit ettertrakta reisemåla i Noreg, med fjell og fjord som hovudattraksjon. Når vinteren kjem, følgjer det ei utfordring med dei spektakulære omgjevnadene. Snøskred kan stenge vegen og skape praktiske problem, samstundes som naturkreftene utgjer fare for liv og helse.

Innkøyringsfase for radarane

Skredvarslinga er retta mot to kjende snøskredløp: Grandefonna og Sildesteinen. Dei ligg i det bratte partiet ved Ørnesvingane på fylkesveg 63. Her har snøskred vore ei utfordring for både fastbuande og reisande i mange vintrar.

Radarane som vart montert i fjor vinter, skal no lære seg å kjenne fjellsida. Dei skal skilje mellom farlege og ufarlege rørsler og mellom små og store skred som kan nå vegen. I denne innkøyringsfasen kan trafikantar oppleve at bommane  går ned, utan at eit skred har nådd eller vil nå vegen. Det kan vere frustrerande, men denne «opplæringa» er heilt nødvendig. Systemet må trene – akkurat som vi alle gjer når vi skal lære noko nytt.

Avansert teknologi  

Det nye skredvarslingsanlegget er avansert teknologi. Entreprenøren Cautus Geo AS leverer radarar og kamera som registrerer data frå fjellsida. Anlegget er unikt i landet ved at det nyttar to radarar i same skredløp. Kvifor? Fordi skredområdet er stort og kupert. Éin radar åleine ville ikkje oppdage skred tidleg nok til at vi rekk å stenge vegen. Når anlegget er fullt operativt, skal det vere i drift frå oktober til mai. Målet er klart: innan få år skal radarane vere så godt opplærte at vegen berre vert stengd når det verkeleg er fare.

Eit løft for tryggare veg og for lokalsamfunnet

Skredvarslingsanlegget kjem i tillegg til andre viktige tiltak for tryggare vinterveg. Indreeidstunnelen, som ligg ovanfor ørnesvingane langs fylkesveg 63, vart opna for trafikk i 2024, og har allereie bidrege til å sikre trafikantane for skred på ei lang strekning. Med tunnelen og det nye radarbaserte varslingssystemet, tek vi store steg mot tryggare veg mellom fjord og fjell i Møre og Romsdal.

Skredsikring handlar om meir enn tunnelar og ny teknologi. Det handlar om liv, om tryggleik, og om å halde Geiranger tilgjengeleg for dei som bur der – og for dei som kjem på besøk. Det handlar også om å akseptere at naturen er uføreseieleg, men at vi kan bruke kunnskap og innovasjon til å redusere risikoen. Skredvarslingsanlegget er eit godt døme på korleis offentlege aktørar, entreprenørar og lokalsamfunn kan stå saman om løysingar som gjer vegane våre tryggare.

Så neste gong du køyrer denne vegen og bommen går ned, tenk på dette: Bommen er ikkje eit hinder, den er eit vern. Det er teknologi som reddar liv – og som treng litt tolmod for å kunne fungere perfekt.