Vedtaket i kultur- og folkehelseutvalet slår fast at dagens ressursnivå er kritisk lågt, og at det ikkje er mogleg å oppretthalde kvalitet, utviklingsarbeid og omfang utan vesentlege grep. Utvalet ber administrasjonen legge fram ei sak om korleis nødvendige auka ressursar til forvalting av ordninga kan bli ein del av økonomiplan og budsjett. Dette for å sikre at fylkeskommunen oppfyller vilkåra for tildeling frå Kulturtanken, og samtidig unngå reduksjon i tilbod og kvalitet for barn og unge.
Fylkeskommunen har fått tildelt 19.670.830 kroner frå Kulturtanken for skoleåret 2025–2026, men desse midlane kan ikkje nyttast til administrasjon. Med berre 2,7 årsverk knytt til DKS-administrasjon – nest lågast i landet – er det ikkje kapasitet til å handtere det omfattande programmet på ein forsvarleg måte.
Gjenbruk av produksjonar?
Som konsekvens av vedtaket vil fylkeskommunen frå 2026 vurdere å redusere frå to til eitt kulturtilbod per elev. I tillegg blir det aktuelt å gjenbruke produksjonar frå tidlegare år i større grad enn før. Dette er nødvendige grep for å kunne gjennomføre turnéar og sikre eit minimumstilbod til alle elevar i fylket.
Vedtaket byggjer på ei vurdering frå Kulturtanken, som i dialogmøte har uttrykt uro over den låge bemanninga i Møre og Romsdal. Dei peikar på at vidare nedgang i årsverk vil vere kritisk for DKS si evne til å oppfylle nasjonale mål og krav som blir uttrykt i tilskotsbrevet.
Svekka utvikling og fagleg oppfølging
DKS-ordninga skal tilby profesjonell kunst og kultur til alle elevar i grunnskole og vidaregåande skole. Programmet for 2025–2026 inneheld 85 produksjonar innan seks kunstuttrykk, men vedtaket frå utvalet tyder på at framtidige program vil bli mindre omfattande. Det blir også utfordrande å sikre fagleg oppfølging, koordinering og utvikling av nye produksjonar.
Satsinga på litteraturformidling gjennom strategien Sammen om lesing har gitt eit ekstra tilbod til 5.–7. trinn, men det er uklart om slike satsingar kan vidareførast med dagens ressursar.
Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 15.-16. september