Det blei utfordrande for brannmannskap då det brann om bord i bilferja Ytterøyningen.
Foto: Kvinnherad brann og redning
Konferansen er truleg den første i Noreg om brannsikkerheit i elektriske batteri.
Blant innleiarane er brannsjef Atle Josdal i Kvinnherad brann og redning, som skal dele erfaringar og kunnskap frå brannen i oktober 2019 i batterirommet på bilferja MF Ytterøyningen. Morgonen etter at brannen i ferja var slokken, eksploderte gassar om bord. Hendinga førte til fleire hasteråd frå Sjøfartsdirektoratet.
Meir batteri, aukande brannrisiko
– Med aukande bruk av batteri, og nye bruksområde, aukar risikoen for brann. Men vi ser også at behovet for kunnskap er aukande, seier næringssjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal fylkeskommune, som er arrangør.
– Det handlar om å auke bevisstgjeringa og leggje til rette for eit breiare og tettare samarbeid, slik at ein kan redusere risikoen for brann, og når det brenn, i elektriske batteri, seier Aspås.
«Alle» er der
29. februar skal forskarar dele kunnskap om litium-ionbatteri og brannmannskap fortelje om erfaringar og utfordringar med å slokke. Brukarar, produsentar og leverandørar skal sjå utfordringane og sikkerheita frå sin ståstad. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) er på plass for å snakke om lovverk og ansvar og om oppstart av ny brannskole for brann, redning og samfunnssikkerheit, og statsforvaltaren ser det i eit beredskapsperspektiv. Og sjølvsagt skal ein sette søkelys på korleis auke kunnskapen og kompetansen, heilt frå produsent til leverandørar og brukarar – og til brann- og redningspersonell når uhellet er ute.
Initiativtakar til konferansen er seksjon for energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune, som har fått tilskot frå Klimasats til å halde ein konferanse om brannsikkerheit i elektriske batteri. Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd eit nytt kunnskapsunderlag som omhandlar overgang til fossilfri transport til lands, til vanns og i lufta. Her kjem det fram at elektrifisering av samfunnet skjer så raskt, at kunnskap og regelverk heng etter.
Lenke til stream for konferansen
På denne nettsida kan du sjå opptak frå konferansen.
Kontaktpersonar:
- Silje Hårberg, rådgivar, telefon 41 61 75 55