Kunstig intelligens bidreg til at vi saltar mindre, men treff betre

Etter innføirnga av eit digitalt verkøy som hentar data frå bilar langs vegen og sett samen tiltak med kunstig intelligens har saltbruken blitt redusert med omlag en tredjedel. 

Mann i refleksgul jakke - Klikk for stort bileteTeamleiar for vegdrift, Brynjulv Eide Jan Ragnvald Eide

Salt eller ikkje på vegane? Dette er eit tema hos mange som er ute og køyrer på vinterstid. Sjølv om saltet bidreg til mindre is på vegane så kjem det også med ei bakside, rust på biler og ei saltlake som ikkje er god for naturen langs vegen. 

Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har i nokre år testa ut kunstig intelligens for å forbetre saltbruken på vegane. Denne vinteren har dei utvida ordninga. 

KI-verktøyet dei brukar heiter Klimator. Den tek inn data i sanntid for å gi meir presise vurderingar av kvar og når det trengst tiltak på vegen. Målet er å bruke mindre salt totalt, utan at det går utover tryggleiken langs vegane. Og resultata tyder på at det har ein greidd. 

Mykje mindre saltbruk 

Oversikt frå vinterdrifta tyder på at saltbruken er på god veg nedover. Sjølv om snømengden og dermed kor mange kilometer med veg som brøytast varierer frå år til år så viser tala at sidan det digitale verktøyet blei tatt i bruk så er saltmengda redusert med  rundt 30 prosent.

- Vi er nøydt til å ta vare på vegane vi har og naturen i kring oss. Teknologi og data gjer oss i stand til å gjere det på ein betre måte, seier teamleiar for vegdrift, Brynjulv Eide. 

I tillegg til at det brukast mindre salt er det også auka fokus på kor breitt ein strør. Mindre salt i grøftene er betre for naturen rundt vegen. 

Ein ny måte å jobbe på

Tidlegare var vinterdrifta i stor grad basert på lokale målingar, verprognosar og erfaring. Brøytesjåførane sette alarmen på vekkarklokka, sto opp, tok seg ein kaffikopp og kikka på temperaturmålaren før dei kløyv opp i bilen og strødde jamt med salt på heile strekninga ein hadde ansvar for. 

No er situasjonen ein heilt anna. Med store mengder data får systemet beskjed om kor det er glatt og kva ein bør gjere der. Teknologien erstattar ikkje folka, men det blir lettare å ta gode strøval. 

Måling på meteren med data frå privatbilar

Alle nye Volvo og Volkswagen bilar måler kor dei får skrens hen og kor dei har godt grep. Desse dataene blir lasta opp i systemet vi brukar som da kan seie at på dei og dei plassane så bør ein sette inn det og det tiltaket. 

Storfornøgde storbrukarar

Eit samla styre i Noregs lastebileigarforbund i Møre og Romsdal vedtok å sende skryt til fylkeskommunen og drifta av vintervegane. Dei meinte at vintervedlikehaldet på fylkesvegnettet har vore svært godt utført så langt denne vintersesongen. Dei peika på både kvaliteten i arbeidet og ein generelt tilfredsstillande standard på vegnettet.

Eide tek til seg skrytet og sender det vidare til alle som er ute og jobbar meg vegane:

- Skryt frå dei som er ute og køyrer og når alle helst vil sitte inne, varmar ekstra mykje. Dette er folk som er avhengig av gode vegar. Møre og Romsdal er Norges nest største eksportfylke. Da treng vi framkommelege vegar, året gjennom.