Kunstoppleving for døvblinde barn blir utvikla i Kristiansund

Musikarane Morten Minothi Kristiansen og Ulrik Ibsen Thorsrud kjem i neste veke (veke 15) til ADA-utviklingslab i Kristiansund. Med hjelp av ny teknologi skal dei saman med ulike aktørar jobbe vidare med konsertinstallasjonen «Den elektriske tannlegestolen», der det taktile og sensoriske trer fram for at døvblinde barn kan oppleve musikken.  

Bilde av kvinne. - Klikk for stort bileteInstallasjonen under Marked for Musikk 2023. Kulturtanken

ADA-utviklingslab er eit nytt tilbod for kunstnarar og kulturaktørar. Her får dei vidareutvikle og teste prosjekta sine i samspel med barn og unge, og ved hjelp av ny teknologi. Laben vert arrangert for tredje gong i Kristiansund, denne gongen i samarbeid med Kristiansund Kunsthall.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristiansund kommune, Kulturtanken (den statlege fagetaten for kunst og kultur til barn og unge), Stiftelsen First Scandinavia, og det blir støtta av Sparebanken Møre.

«Den elektriske tannlegestolen» har blitt valt ut av ein fagjury. Juryen grunngjev valet slik: 

«Den elektriske tannlegestolen er eit sympatisk og viktig prosjekt som vi er glade for å støtte. Bak står to solide kunstnarar som jobbar målretta og godt med kunstformidling, særleg til barn med sansetap. Vi ønskjer at alle barn og unge skal få oppleve kunst av høg kvalitet, og dette prosjektet kan opne dører for fleire og vise vegen til kunsten.»

Musikarane og komponistane Ulrik Ibsen Thorsrud og Morten Minothi Kristiansen arbeider innan samtidsmusikk, støy, impro, scenekunst og performance. Dei byggjer installasjonar som gjer «smal» kunst tilgjengeleg og interessant for eit større publikum. No skal «Den elektriske tannlegestolen» utviklast til å bli ei oppleving for døvblinde barn. Dei har med seg unik kompetanse på programmering, elektronikk og design til laben, og tilsette frå Statped vil også delta ein dag.

Du kan lese meir om prosjektet på Kulturtanken sine nettsider.

Bilde frå visninga av "Den elektriske tannlegestolen" - Klikk for stort bileteMorten Minothi Kristiansen og Ulrik Ibsen Thorsrud viste «Den elektriske tannlegestolen» under Marked for Musikk i 2023. Kulturtanken