Kva er karaktersnittet for å komme inn på elektro, idrettsfag eller studiespes?

Over tre tusen 10. klassingar skal søke på vidaregåande før 1. mars, og mange lurer på kva karakterar dei må ha for å kome inn der dei ønsker.

Skoleelev i blå genser held måleinstrument i hengene. - Klikk for stort bileteKva karaktersnitt må du ha for å kome inn på elektro? Eller på andre fag? Svaret er at karaktergrensene varierer frå år til år, men du kan finne karakterstatistikk på nettsida vår. Erik Birkeland/Tingh

No er karakterstatistikken frå 2023, og heilt tilbake til 2012, publisert på nettsida til mrfylke.no. Her kan alle gå inn og sjekke kva som har vore poenggrensene for å kome inn på utdanningsprogramma på dei vgs. skolane i fylket. 

- Kva blir karaktergrensene i år?

-Det rette svaret er at karaktergrensene, eller «snittet» som dei fleste kallar det, varierer frå år til år. Kva snittet vil bli for å kome inn på eit utdanningsprogram til hausten, veit vi ikkje før i oktober, seier rådgivar på inntaksseksjonen, Edny Sletten.

Karakterstatistikken finn du her. I kolonnen «Nedre poenggrense» finn du lågaste karaktersnitt for å kome inn på kvart enkelt utdanningsprogram.

Hugs: