Kva gjer du viss det brenn i ein tunnel? No kjem regelen alle bør kunneBrann eller motorstopp i tunnel kan vere livsfarleg – men mange veit ikkje kva dei skal gjere. No går Statens vegvesen og fylkeskommunane saman om ein nasjonal kampanje for å betre beredskapen. Tunnelvettreglane gir deg ein enkel regel å hugse: Nødblink – havarilomme – nødtelefon– Skjer det noko i ein tunnel, er dei første minutta avgjerande. Tunnelvettreglane skal hjelpe deg til å handle raskt og rett, seier Geir M. Larsen, som er praktisk tunnelforvalter og brannvernleiar på fylkesveg i Møre og Romsdal fylkeskommune.Alvorlege funn i ny undersøkingEi fersk undersøking viser at over halvparten av bilistane ikkje veit kva dei skal gjere ved brann i tunnel. Ved motorstans er kunnskapen noko betre, men 45 prosent seier dei er usikre på korleis dei skal handtere situasjonen. Berre éin av tre har sett eller lest informasjon om tunneltryggleik.- Det er urovekkande at så mange er usikre på korleis dei handterer alvorlege hendingar i tunnel. I ein tunnel bør du vite kva du skal gjere og handle fort, seier LarsenSlik handlar du rett ved brann i tunnelHovudregelen er enkel: Kom deg ut så raskt som mogleg.Men dersom du kan hjelpe:1. Set på nødblink2. Stans i ei havarilomme om mogleg3. Bruk nødtelefonen – den går direkte til Vegtrafikksentralen Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Erfarne sjåførar gjer også feilUndersøkinga viser at eldre og meir erfarne sjåførar føler seg tryggare, men det betyr ikkje nødvendigvis at dei handlar rett. Kvinner og unge sjåførar er mest bekymra for å køyre i tunnel – og har lågast kjennskap til kva dei skal gjere.– Eg ser dagleg bilistar som ikkje brukar nødtelefonen eller brannslokkingsapparata i tunnelen, seier Nils Audun Karbø, tidlegare operatør ved Vegtrafikksentralen.Han minner også om ein viktig detalj:– Altfor mange gløymer å ta på seg refleksvest når dei går ut av bilen. Den bør ligge lett tilgjengeleg i døra.Om undersøkingaUndersøkinga er gjennomført av Reputation Inc for Statens vegvesen, med eit landsrepresentativt utval på 1000 personar over 15 år.Ved inngangen til 2024 hadde 3,7 millionar nordmenn førarkort. Publisert 09.10.2025 10.17 Sist endra 09.10.2025 13.19