Kyrne har flytta inn, nyfjøset er tatt i bruk

Merkedag måndag på Gjermundnes vgs. Like før klokka 09 vart dei første mjølkekyrne flytta over i det nybygde undervisningsfjøset.

Bilde av kvinne. - Klikk for stort bileteKonstituert rektor Tone Syltebø. Per-Kristian Bratteng

Konstituert rektor Tone Syltebø smiler breitt på dagen då nyfjøset blir tatt i bruk. For dette er ein milepæl for skolen, og for elevane:

– Dette gjer oss meir attraktive blant elevane. Det er kjempeviktig for Gjermundnes vgs at vi kan tilby elevane undervisning i eit bygg med ny teknologi, som dei vil møte når dei kjem ut på gardsbruk rundt om i Møre og Romsdal, seier Syltebø.

Frå båsfjøs til lausdrift

I løpet av måndagen vart heile buskapen, 26 mjølkekyr pluss ungdyr, flytta frå det gamle båsfjøset frå 1972, og inn i det nye og topp moderne undervisningsfjøset med lausdrift. Tre og tre kyr vart frakta på tilhengar ned bakken, og sloppe laus på det store og mjuke golvet.

– Dette er nytt også for dyra, og det er som når vi slepp dei ut på våren, det er hopp og sprett. Men dei ser ut til å takle overgangen fint, seier gardsansvarleg Knut Einar Urke etter at seks av mjølkekyrne har flytta inn.

– Vi er med i framtida

Ku og mann. - Klikk for stort bileteHer flytter den første mjølkekua inn i det nye undervisningsfjøset på Gjermundnes vgs. Per-Kristian Bratteng

Forskjellen frå det gamle fjøset er at kyrne no skal gå laus i fjøset og bli mjølka automatisk med mjølkerobot. Nyfjøset har også mellom anna fôringsrobot og skraperobot. Det er eit massivtrebygg med naturleg ventilasjon, grunnvarme, solcelle på taket, og det er lagt stor vekt på gjenbruk. Og fjøset har siste av teknisk utstyr for mjølkedrift.

– Dette vil ha mykje å seie. No er vi med i framtida der andre bønder er. Fjøset vi hadde vart bygd i 1972. Det var eit moderne båsfjøs, men det er gamaldags i dag, seier Urke.

Som natt og dag for elevane

Elevane Torunn Ottestad-Dahlen og Dina Skjegstad trur bygget vil ha mykje å seie, både for søkinga til skolen, men og betydninga som eit framtidsretta undervisningsbygg har for elevane ved skolen. For forskjellen frå det gamle fjøset er som natt og dag:

– Her er det både robot og vector, og det er noko heilt anna når dyra får gå laus enn å stå på bås, seier Dahlen. Ho trur at nyfjøset vil endre undervisninga ved skolen: – Det blir kanskje meir undervisning rundt fjøsstellet, enn å drive å mjølke store delar av dagen slik vi gjer no, seier ho.

– Ein merkedag for skolen

Bygning. - Klikk for stort bileteDet nye undervisningsfjøset ved Gjermundnes vgs. Per-Kristian Bratteng

Aadne Haarr har fram til nyttår vore rektor ved Gjermundnes vgs., og han måtte sjølvsagt ein tur innom for å sjå då dyra vart flytta inn i nyfjøset.

– Dette er ein merkedag. At vi får noko som er oppdatert og heilt nytt, vil ha stor betydning for aktualiteten vår for ungdom, for opplæringa og for landbruksnæringa. Men kanskje viktigast er det at Gjermundnes vgs. blir oppfatta som oppdatert og aktuell, og at folk skjønnar at det blir drive god opplæring på Gjermundnes. Og då er det viktig å være oppdatert også på anlegget, seier han.

Bilde av fem elevar. - Klikk for stort bileteElevane var med på flyttinga. Frå venstre Torunn Ottestad-Dahlen, Dina Skjegstad, Elisabeth Torholm, Adrian Farstad, Markus Langseth. Per-Kristian Bratteng

Det blir offisiell opning med opent fjøs den 10. april. Då skal det feirast at skolen har fått eit nytt undervisningsfjøs.