La ned grunnstein for Normoria

Kulturminister Lubna Jaffery fekk æra av å legge ned grunnsteinen på Normoria, det nye kulturhuset i Kristiansund.

Gruppe menneske - Klikk for stort bileteKulturminister Lubna Jaffery la ned tidskapselen for Normoria saman med Kristiansund sin ordførar Kjell Neergaard og fylkesordførar Anders Riise. Ingunn Strand, Kristiansund kommune

Den symbolske grunnsteinen vart lagt ned måndag. Grunnsteinen er ein tidskapsel med gjenstandar, som blir forsegla og skal opnast først om 100 år. Kapselen skal stå i ein monter i Normoria.

– Eg tenker på alle dei små som skal komme her med fløyter, fiolinar, dansesko og notehefte under armen. Dette flotte bygget stakar ut ei retning for livet, fellesskapet og samfunnet. Musikk, kunst, teater, opera, litteratur og historie løftar oss og gir oss eit nytt blikk på kven vi er og skal bli. Det har ei enorm kraft for å nå ut til menneske, sa Jaffery ifølge Tidens Krav.

På det flotte arrangementet deltok også fleire frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Blant desse var fylkesordførar Anders Riise og kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Med Normoria blir Nordmøre museum, Operaen i Kristiansund, Kristiansund bibliotek og Kristiansund kulturskole samla under eitt og same tak! Normoria skal stå klart til innflytting sommaren 2025.

Normoria blir finansiert slik:

  • Møre og Romsdal fylkeskommune: 194,5 mill. kr
  • Kristiansund kommune: 480,5 mill. kr
  • Staten: 150,0 mill. kr