Laga viktig rapport til FN om barn sine rettar

Iver Aarebrot, nestleiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, har saman med seks andre ungdomar laga ein rapport til FNs barnekomité. 

Iver Aarebrot. - Klikk for stort bileteIver Aarebrot i Genève. Privat / Møre og Romsdal fylkeskommune

2.-4. februar var han i Genève for å overlevere rapporten.

Rapporten peikar på fleire utfordringar og kjem med konkrete anbefalingar for å betre barn sine rettar i Noreg. 

– Rapporten sikrar direkte medverknad frå barn og unge inn i rapporteringsprosessen, noko som er viktig for å kunne sikre at barns perspektiv blir opplyst. Rapporten blei godt mottatt av Barnekomitéen, som viste stor takknemlegheit for vårt arbeid, seier Aarebrot.

Han og dei andre i barneutvalet håpar at politikarar og avgjerdstakarar vil ta rapporten på alvor og jobbe for å betre barn sine livsvilkår i Noreg. Rapporten er eit viktig verktøy for å sikre at barn sine stemmer blir høyrde, og at deira rettar blir ivaretekne.

Her er eit samandrag av innhaldet i rapporten:

Mangfald og inkludering

Barn på flukt, rasisme og integrering er sentrale tema. Rapporten understrekar behovet for at barn på flukt skal ha rett til barnehage og skule, og at rasisme må takast på alvor i skulen og samfunnet elles. Barn med flyktningbakgrunn må få betre støtte for å integrerast i det norske samfunnet.

Demokrati og deltaking

Barn ønsker meir reell medverknad i avgjersler som påverkar deira liv. Ungdomsråd og lokale medverknadsorgan må styrkast, og det bør etablerast eit nasjonalt ungdomsråd. Barn meiner også at staten må forplikte seg til å gjere vurderinga av ettar for barn i alle saker.

Helse og omsorg

Psykisk helse er eit viktig tema, og barn krev kortare ventetid for å få hjelp. Dei ønsker også fleire lågterskeltilbod som helsestasjonar for ungdom. Vold og overgrep må takast på alvor, og barn må få betre informasjon om sine rettar.

Utdanning

Barn med spesielle behov må få betre tilrettelegging i skulen. Skolevegring og fråfall er store utfordringar, og det er behov for meir støtte til desse elevane. Barn ønsker også at fråværsreglane skal reviderast for å bli meir rettferdige.

Klima

Barn er bekymra for klimaendringar og krev at Noreg satsar meir på fornybar energi. Dei ønskjer å bli høyrde i klimapolitikken og meiner at Noreg må ta større ansvar for å redusere klimagassutslepp.

Les meir om FNs barnekonvensjon og FNs barnekomité.