Lagar logistikkverktøy for operasjonsstuene i Ålesund

Bedrifta Axbit, SINTEF og Helse Møre og Romsdal har starta arbeidet med å lage eit verktøy som kan forbetre planlegginga av operasjonar ved Ålesund sjukehus.

Ålesund sjukehus. - Klikk for stort bileteÅlesund sjukehus. Møre og Romsdal fylkeskommune

Det var i juni i fjor at Molde-selskapet Axbit fekk 500.000 kroner i støtte frå Regionalt forskingsfond til prosjektet «Simuleringsbasert beslutningsstøtte for helselogistikk». Hovudmålet med prosjektet, som blei avslutta tidlegare i år, var å legge grunnlag for å utvikle eit planleggingsverktøy i helsevesenet.

Komplekst å planlegge operasjonar

Bakgrunnen for å utvikle verktøyet, er at planlegging av operasjonar på eit sjukehus er ei kompleks oppgåve. Det krev koordinering av legar, sjukepleiarar, utstyr og operasjonsstuer for å sikre at pasientane sine behov blir ivaretatt. I dag finst det ikkje gode verktøy for å legge langsiktige planar, og dette blir ofte gjort ved bruk av separate, manuelle system, utført av fleire. 

Ein annan viktig grunn til å få på plass nye og effektive løysingar, er at Ålesund sjukehus skal renovere operasjonsstuene. I løpet av renoveringsperioden vil antal operasjonsstuer bli redusert frå 13 til ni. Derfor er det avgjerande at sjukehuset har tilgang til robuste verktøy for effektivt å planlegge bruk av dei tilgjengelege stuene.

Simulering av operasjonsdrifta

I sluttrapporten frå prosjektet går det fram at prosjektet i stor grad blei gjennomført som planlagd, og at det blei utvikla både ei simulering av operasjonsdrifta, samt ein klikkbar demo av applikasjonen som blei testa av tilsette ved sjukehuset.

Basert på dei positive resultata i prosjektet, har bedrifta ei klar retning for vegen videre: Utvikle prototypane frå prosjektet til eit fullverdig planleggingsverktøy for sjukehusa. Dei er framleis avhengige av vidare finansiering, og ser etter passande finansieringsmoglegheiter for å føre arbeidet vidare. Les meir om Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal på deira nettsider.