Kjell Haukeberg blir gratulert av seksjonsleiar Torgeir Bye
Else Britt Ervik
Gjennom karrieren har han halde kurs for fleire tusen deltakarar, både i Møre og Romsdal og i andre fylke. Nå fyller han 70 år, men gir seg ikkje av den grunn.
- Kursa for 2026 er under planlegging, fortel jubilanten.
Mykje av kunnskapen om veg og vinterdrift er basert på praktisk erfaring. Haukeberg har gjennom mange år vore med på å føre denne kunnskapen vidare. Som senioringeniør i Møre og Romsdal fylkeskommune har han undervist både ingeniørstudentar og operatørar, i tillegg til å halde kurs i vinterdrift.
Erfaring frå vegfaget
Haukeberg starta yrkeslivet i Statens vegvesen i 1984, etter ingeniørutdanning i Ålesund. Sidan har han arbeidd med fleire store prosjekt, vore byggeleiar for Noregs største driftskontrakt og hatt ansvar for opplæring innan vinterdrift.
- Det er givande å føre vidare det vi veit om veg. God drift og vedlikehald betyr mykje både for økonomi og miljø, seier Kjell Haukeberg.
Ein stor del av kunnskapen om vinterdrift er basert på erfaring og praktisk arbeid. Difor har Haukeberg brukt mykje av karrieren på å undervise og dele erfaringar, mellom anna ved NTNU, Fagskolen i Møre og Romsdal og gjennom kurs for driftsmannskap frå heile fylket. Personar i andre fylke har også vore kursa av han.
Eit stort nettverk er viktig i beredskapen
Ved sida av arbeidet med vegdrift og opplæring har Haukeberg ei sentral rolle i beredskapsarbeidet i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Som rådgivar for beredskap koordinerer og styrer han dette arbeidet og bidreg til at fylkeskommunen er førebudd når uønskte hendingar skjer.
Gjennom eit langt yrkesliv har Haukeberg opparbeidd seg eit stort nettverk av fagfolk i samferdselssektoren. Dette betyr mykje når situasjonar oppstår og ting skjer raskt.
- Beredskap handlar mykje om å vere førebudd, men også om å kunne handle raskt når noko skjer, seier Haukeberg.
Kurs i vinterdrift
Kvart år samlar fylkeskommunen brøyte- og strømannskap til vinterdriftskurs. Berre i fjor deltok om lag 300 personar, og nye deltakarar er klare denne hausten.
- Målet er å bidra til trygge reiser og at rett tiltak blir sett inn til rett tid. Når snøen og frosten kjem, skal vi allereie vere i gang, seier kursleiar Haukeberg.
Ver og føreforhold kan endre seg raskt om vinteren. For dei som har ansvar for brøyting og strøing, er det derfor viktig å kjenne vegane dei skal arbeide i, og metodane som skal brukast.
Fyller 70 år
Haukeberg fyller 70 år i dag 2. september. Han held fram med å undervise og dele erfaringane sine innan eit fagområde der praktisk kunnskap og erfaring spelar ei viktig rolle.
Blomster til jubilanten Haukeberg
Else Britt Ervik