Langset Mek AS vinn Inkluderings- og mangfaldsprisen for 2024

Sunndalsbedrifta har over fleire år jobba med å utvikle ein inkluderande arbeidplass, noko som også skaper eit sterkt og godt lokalsamfunn.

mann i orange kjeledress framfor firmabygg - Klikk for stort bileteLangset Mek AS er kåra til vinnar av Inkluderings- og mangfaldsprisen. Her ved Einar Unhjem Johansen, dagleg leiar. Langset Mek AS

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok tysdag 11. mars å tildele Inkluderings- og mangfaldsprisen til Langset Mek AS i Sunndalsøra.

Leiar i kultur- og folkehelseutvalet, Jessica Gärtner, meiner Langset Mek er ein svært verdig vinnar av Inkluderings- og mangfaldsprisen for 2024, fordi jobben dei gjer også får ringverknader i lokalsamfunnet.

-  Når alle får moglegheita til å bidra, uavhengig av bakgrunn, byggjer vi eit miljø prega av respekt, mangfald og samarbeid. Dette har Langset Mek gjort over fleire år, og dette styrkjer både bedrifta og lokalsamfunnet. Eit inkluderande arbeidsmiljø legg grunnlaget for eit samfunn der alle kjenner seg verdsette og har moglegheita til å vekse og utvikle seg, seier Gärtner.

Langset Mek AS, etablert i 1994, er ein del av Langset Group AS og held til i Sunndalsøra, med avdeling i Eidsvåg, Molde. Selskapet leverer teknologisk avanserte verkstadstenester til olje- og gass-, skips- og marin- og prosessindustrien. Det er totalt 65 tilsette.

Dagleg leiar Einar Unhjem Johansen er svært glad for prisen:

-Langset Mek AS har gjennom 30 år jobba aktivt for å skape og gi moglegheiter for menneske i alle livssituasjonar. Vi har ein bedriftskultur der flere nasjonalitetar jobbar godt saman. Vi opplever at det gir oss eit breiare spekter av kompetanse, erfaring og perspektive, som styrker oss som bedrift.

Dette er blant tiltaka i bedrifta: 

  • Bedrifta har bla satsa på lærlingar og etablert eit sterkare «mottaksapparat» med ein dedikert person (fadder) for å ta i mot lærlingane.
  • Gjennom verkemiddelapparatet i NAV fikk dei justert «lærlingemodellen» til å integrere ukrainske flyktningar. Dette blei gjort i tett samarbeid med NAV Indre Nordmøre og Introduksjonsprogrammet i Sunndal.
  • Status no er at 10 personer har fått fast arbeid samt 2 personar er på arbeidspraksis.

Tiltak for inkludering og mangfald

Inkluderings- og mangfaldsprisen vart delt ut for første gong i 2021. Prisen skal gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som bur i, eller har sterk tilknyting til fylket.

Prismottakarar skal ha tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion.

Prisen, som består av 15.000 kr og eit kunstverk, vil bli delt ut på Fylkestinget i april.

Desse har tidlegare fått prisen:

  • 2023: BROR Mental helse
  • 2022: Stiftelsen JoinUs
  • 2021: Ekornes
  • 2020: Håvard Johansen

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 11. mars