Frå venstre leiar av kultur- og folkehelseutvalet, Jessica Gärtner, Lauritz Bergestuen, administrasjonsleiar ved Langset Mek AS, Einar Unhjem Johansen, dagleg leiar Langset Mek AS, og fylkesordførar Anders Riise.
Per-Kristian Bratteng
Leiar av kultur- og folkehelseutvalet, Jessica Gärtner, delte ut prisen og sa at prisvinnaren viser at ein arbeidsplass kan vere så mykje meir enn ein stad for produksjon:
– Den kan vere ein stad for fellesskap, for utvikling – og for tillit. Når menneske med ulik bakgrunn, språk og erfaring jobbar saman, blir ikkje resultatet svakere. Det blir sterkare, sa Gärtner.
Ho sa og at det er lett å snakke om inkludering og mangfald som fine omgrep, men at det er noko heilt anna å gjere det til praksis i kvardagen:
– Å stå i det over tid. Å møte folk med opne armar, også når det krev litt ekstra. Prisvinnaren viser at det går an. At man kan kombinere fagleg styrke med menneskeleg sjenerøsitet. Og at når ein bygg ein arbeidsplass med rom for alle, så bygg ein også eit lokalsamfunn som står stødigare. Vi i Møre og Romsdal er heldige med slike samfunnsbyggarar i vårt fylke, sa Gärtner.
Det var Einar Unhjem Johansen, dagleg leiar Langset Mek AS, og Lauritz Bergestuen, administrasjonsleiar ved Langset Mek AS, som tok i mot prisen på vegner av bedrifta.
Sjå intervju med prisvinnarane i denne videoen:
Nyheitsartikkel frå 11.03.25: Langset Mek AS vinn Inkluderings- og mangfaldsprisen for 2024