Lanserer bok om Veøya, tettstaden som forsvann

Midt i Romsdalsfjorden vaks det fram ein livleg handelsplass i vikingtida. Kva rolle spelte Veøya? Kva står att? Ei ny bok forsøker å gi svar på spørsmåla.

lanskap med stort kvitt hus, store grøne tre og blå himmel - Klikk for stort bileteBoka om Veøya er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, NTNU Vitenskapsmuseet og Romsdalsmuseet. Marit Holen

Veøya ligg i Romsdalsfjorden – uforstyrra, frodig og omgitt av høge fjell og gamle bygdelag på alle kantar. Den sentrale plasseringa er ein viktig nøkkel til å forstå kvifor ein av få kjøpstadar vaks fram her for over 1000 år sidan.

I desse dagar blir det lansert ei bok som tar for seg dei fysiske spora etter kjøpstaden, kva rolle plassen spelte, forskingshistoria og kva nettverk som var knytt til Veøya.

Utgivinga er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, NTNU Vitenskapsmuseet og Romsdalsmuseet.

-Boka har høy fagleg standard, og vi er svært fornøgde med å ha fått samla såpass mange dyktige forskarar mellom to permar.  Alle har sin eigen innretning til Veøya, seier Kristoffer Dahle, som er arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune og PhD-kandidat ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Eit av dei spanande, nye funna som blir publisert i boka er spora etter ein større bygning som blei påvist med georadar i prestegardshagen.

-Denne er ikkje kjent frå historisk tid, og både plasseringa og forholdet til det vi trur kan vere eit lukka gardsrom gjer denne svært interessant. Her er det mogleg at vi er på sporet av den gamle kongsgarden som er nemnt i fleire kjelder frå 1300-tallet.

Bygge kunnskap

bilde av omslaget til ei bok, men ei kyrkje i sentrum - Klikk for stort bileteDen nye boka bidrar til å rekonstruere livet på kjøpstaden. Museumsforlaget

Utgangspunktet for boka er et kjøpstadseminar som fylkeskommunen arrangerte for nokre år sidan. Målet var å få eit betre kunnskapsgrunnlag for å rekonstruere korleis livet kan ha vore på Veøya og Borgund i vikingtid og mellomalder.

Boka er ein del av bokserien Vitark som blir utgitt i samarbeid mellom NTNU Vitenskapsmuseet, Institutt for arkeologi og kulturhistorie og Museumsforlaget. Serien presenterer ny nordisk forsking på arkeologifaglege problemstillingar.