Lanserer friluftsbarometer: Molde best i Møre og Romsdal

For første gong er kommunane i Møre og Romsdal rangert etter korleis dei legg til rette for friluftsliv. Resultatet viser at Molde er best i fylket, Fjord kommune er best på Sunnmøre, mens Tingvoll er best på Nordmøre.

Skiløpar. - Klikk for stort bileteBildet er frå Liavegen i Molde, ein av mange turstiar i kommunen. Kai Bedringås, Møre og Romsdal fylkeskommune

Det går fram av ei pressemelding frå Forum for natur og friluftsliv (FNF) i Møre og Romsdal

Som dei første i landet har FNF utarbeidd eit friluftsbarometer for kommunane i fylket. Målet er systematisk arbeid for meir og betre friluftsliv ute i kommunane.

FNF Møre og Romsdal har med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd barometeret, som gir ein peikepinn på i kva grad kommunane legg til rette for friluftsliv. 

Friluftsliv er eit område der det er vanskeleg å finne tal for aktivitet og tilrettelegging. Friluftsliv skjer ofte i uorganisert form. Målet med friluftsbarometeret er å skape eit verktøy for systematisk arbeid og auka fokus på friluftsliv, samt fremme nyttige tiltak som kan fremme friluftsliv.  Målingar som syner friluftsaktivitet kan i andre rekke løyse ut meir midlar øyremerka friluftslivsfremjande tiltak for kommunane.

Å fremje friluftsliv har særleg betydning for folkehelse og bulyst. Eit friluftsbarometer vil gi friluftsliv større merksemd og plass i kommunalt planarbeid.

Nokre andre spennande funn frå friluftsbarometeret:

  • Fjord kommune har flest sti- og turvegar per innbyggar
  • Aukra har ni meter gang- og sykkelveg per innbyggar
  • 84 prosent av dei busette i tettbygde strøk i Averøy har trygg tilgang til rekreasjons- og nærturterreng
  • Vestnes har flest statleg sikra friluftsområde per innbyggar
  • Møre og Romsdal mista 1.051 dekar potensielt tilgjengeleg strandsoneareal i perioden 2020-2023: Mest areal har forsvunne frå Ålesund kommune, der det no er 133 dekar mindre strandareal til allmenn bruk enn for tre år sidan.
  • Smøla og Molde ligg fremst i arbeidet med friluftslivets ferdselsårer
  • Alle kommunar i fylket medlem i friluftsråd
  • Molde, Ålesund og Sula har flest utlånsstadar for friluftsutstyr; tre kvar
  • Ein femtedel av innbyggarane i Aukra, Gjemnes og Tingvoll går Stikk UT!

 

På nettsida til FNF finn du utrekninga bak resultata og heile rapporten.