Lanserer nye nettsider for mrfylke.no og frammr.no

Måndag er det lansert nye nettsider for både Møre og Romsdal fylkeskommune og FRAM.

Nettsidene mrfylke.no og frammr.no har både nytt innhald, ny utsjånad og nye funksjonar. Blant anna løysingar for meir sjølvbetening.

– Dette er ein del av program for nye digitale arbeidsformer der vi no har jobba for å utvikle brukarorienterte og sjølvbetente nettsider. Det er viktig for oss å prøve på legge til rette for ei døgnopen offentleg forvaltning der besøkande lett kan orientere seg om rettar, plikter og moglegheiter, seier kommunikasjonssjef Inger Johanne Moene i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Kva synest du om dei nye sidene?

– Vi er no over på eit CMS (content management system) som fleire offentlege verksemder bruker, også fleire andre fylkeskommunar. Vi har dratt nytte av den jobben som dei har gjort, og vi føler oss trygge på at vi får nettsider som blir opplevd som både funksjonelle, brukarvennlege og informative, seier Moene.

Den nye nettsida til fylkeskommunen har vore utvikla med hjelp frå alle fag- og tenesteområda i fylkeskommunen, og kommunikasjonsrådgivar Elin Johanson Lyngstad har leia dette arbeidet.