Legging av asfalt på fylkesvegane kan bli utsett

Møre og Romsdal fylkeskommune utset tilbodsfristen for to anbodskonkurransar om asfaltlegging. Bakgrunnen for dette er at det i samband med dei pågåande anbodskonkurransane har blitt avdekt eit avvik knytt til gjennomføring av konkurransen.  

Fylkeskommunedirektøren vart den 12. mars kjent med at ein leverandør hadde fått oversendt prisopplysingar om ein annan potensiell tilbydar i samband med dei pågåande anbodskonkurransane om asfaltarbeid. Prisopplysningane var om eit tidlegare innlevert tilbod. 

Det vart sett i verk tiltak omgåande, og vidare har mellom anna fylkesordførar og revisjonen undervegs blitt informert om saka. Dei potensielt aktuelle partane i konkurransen er og informert, og marknaden er varsla gjennom konkurranseoppfølgingsverktøyet Mercell. 

Fylkeskommunedirektøren ser svært alvorleg på denne hendinga som kan påverke den planlagde dekkelegginga, og saka er meldt til politiet. 

– Møre og Romsdal fylkeskommune er ein stor innkjøpsaktør, og er opptatt av profesjonalitet i slike prosesser, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak. 

 – Det er viktig for trafikantar og trafikktryggleiken i fylket at vi får starta så snart som mogleg med dekkelegginga som det er løyvd midlar til i 2024. Fylkeskommunen gjer no nødvendige tiltak for å få på plass kontrakt for legging av asfalt på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2024, seier fylkeskommunedirektøren. 

Kontaktpersonar:

  • Toril Hovdenak, fylkeskommunedirektør, telefon 99 04 87 28
  • Jesper Wiig, samferdselsdirektør, telefon 97 58 65 33