Leselyst til dei yngste

Korleis spreie leselyst til dei minste barna? Tøyveskebibliotek, bokstart på helsestasjonen og barseltreff er blant tilboda som har blitt etablert i biblioteka det siste året.

Barn med bok framfor ansiktet. - Klikk for stort bileteKorleis skape leselyst for dei minste barna? Averøy folkebibliotek

Gjennom prosjektet «Leselyst til dei yngste. Aktiv formidling» har fylkeskommunen og biblioteka lagt ned ein stor innsats for å bidra til leselyst hos dei minste barna. Bakgrunnen for prosjektet er forsking som viser at færre foreldre les bøker for barna sine trass i at lesing stimulerer språkutviklinga og gir barna eit betre utgangspunkt for å lære å lese og skrive.

Gjennomførte kurs

Fylkeskommunen har gjennomført ei kursrekkje over fire samlingar for dei bibliotektilsette. Målet var å heve kompetansen deira om aktiv formidling, og Nasjonalbiblioteket bidrog med 1,2 millionar kroner til frikjøp av tilsette. Prosjektet har ført til konkrete bibliotektilbod for å auke interessa for litteratur og høgtlesing hos småbarnsfamiliar.

Tøyveskebibliotek

Tavle og tøyvesker. - Klikk for stort bileteTøyveskebibliotek har vore eit populært tiltak hos biblioteka. Averøy folkebibliotek

Eit av dei mest populære tilboda har vore innføringa av såkalla tøyveskebibliotek, som er eit samarbeid mellom bibliotek og barnehagar. Biblioteket leverer tøyvesker med høgtlesingsbøker til barnehagane, og foreldra kan ta med seg veskene heim og levere dei tilbake når bøkene er lest. Ei praktisk og effektiv løysing som høver både for dei som ikkje har mange bøker i heimen frå før, og for dei som ikkje kjem seg til biblioteket i ein hektisk kvardag eller bur langt unna.

Bokstart med helsestasjonen

Fleire av biblioteka har òg samarbeidd med helsestasjonen i kommunen om tilbodet Bokstart. Bokstart inneber at informasjon om høgtlesing og eit gåvekort på bok vert delt ut til foreldra som kjem til helsestasjonen. Målet er å motivere foreldre til å lese, syngje og prate med barna sine frå tidleg alder, og å introdusere dei for biblioteka og tilboda deira.

Gode tilbakemeldingar

Biblioteka melder om godt fagleg påfyll gjennom kursrekka, og at dei tilsette har fått auka motivasjon til å nå dei yngste. Gjennom utprøving og øving har òg fleire blitt tryggare i rolla som formidlar.

– Det gir mykje positiv energi når ein ser lesegleda vi klarer å få til!, skriv Smøla bibliotek i sin rapport. Sula bibliotek trekkjer fram at det viktigaste med prosjektet er at det har gitt biblioteket eit startskot for «å auke leselysta blant dei yngste, noko som vil vere eit satsingsområde for oss framover.»

Halde fram

Svært mange av biblioteka har etablert tilbod som dei vil halde fram med også etter prosjektperioden. Mellom anna ønskjer mange bibliotek tøyveskebiblioteket velkomen, og med midlar som blei til overs frå prosjektet, vil fylkeskommunen bidra med å kjøpe inn over 1000 nye tøyvesker.