Lettare veg skal gi mindre setningar på strekninga Blindheim–Flisnes

Eit nytt og lettare byggemateriale skal bidra til å redusere framtidige setningar på den nye vegen mellom Blindheim og Flisnes. Skumglassgranulat reduserer vekt og belasting betydeleg.

vegarbeid - Klikk for stort bileteSkumglassgranulat reduserer belastninga på fylkesvegen mellom Blindheim - Flisnes. Eivind Finnes

Prosjektet i Bypakke Ålesund har bygd opp vegfyllinga med skumglassgranulat. Dette er eit lett materiale som skal redusere belastninga på den underliggande kvikkleira. Målet er å minimere såkalla krypsetningar, dei langsame setningane som kan oppstå over tid når grunnen blir belasta.

person ved veg - Klikk for stort bileteAndreas Bergby er hovudbtggeleiar på prosjektet. Else Britt Ervik

 - Ved å bruke lette massar reduserer vi vekta på fyllinga betydeleg samanlikna med tradisjonelle løysingar. Det gir ein meir stabil konstruksjon på lang sikt, seier hovudbyggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Andreas Bergby.

Reduserer vekta med over 10 000 tonn

Fordelen med skumglassgranulat er den låge eigenvekta. Den samla vekta blir redusert med om lag 10 370 tonn samanlikna med bruk av ordinære massar.  

Før oppbygginga kunne starte blei det lagt ut ei omfattande forbelastning på om lag 30 000 kubikkmeter med sprengt fjell. Forbelastninga har vore på området i nesten eitt år. Dette for å ta unna dei største setningane på førehand. Forbelastninga blei fjerna i vår, og deretter starta arbeidet med den permanente vegoppbygginga.  

Minst mogleg inngrep i terrenget

I tillegg spelar geonett ei viktig rolle i vegkonstruksjonen. Geonettet er eit armeringsnett som gir god stabilitet. Det gjer det mogleg å bygge brattare skråningar enn med tradisjonelle metodar. Dermed blir inngrepa i terrenget reduserte.

Både skumglassgranulat og geonett er døme på moderne løysingar i vegbygging. Skumglassgranulatet reduserer belastninga på grunnen, medan geonettet gjer det mogleg å bygge med mindre fotavtrykk i naturen rundt. Det hevar kvaliteten på utbygginga av den nye fylkesvegen. 

veganlegg sett ovamfrå - Klikk for stort bileteGeonett gjer vegen meir stabil. Eivind Finnes