«Livet&Sånn» får ros i ny evaluering – eit verktøy for heile landet

Livet&Sånn, eit digitalt verktøy for folkehelse og livsmeistring utvikla i Ålesund, får no gode tilbakemeldingar i ei ny evaluering. Erfaringane frå heile landet skal bidra til å styrke arbeidet med psykisk helse blant barn og unge.

Bak verktøyet står Ålesund kommune, som lanserte Livet&Sånn i 2020. Sidan då har det digitale læremiddelet blitt tatt i bruk i skolar og barnehagar over heile landet. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar prosjektet som ein del av Program for folkehelsearbeid i kommunane, og er også oppdragsgivar for evalueringa som no er gjennomført.

Barn og vaksen ved ein leikeplass med sklier og klatrestativ, omgitt av bygningar under ein delvis skya himmel. - Klikk for stort bileteEit digitalt verktøy frå Ålesund skal bidra til å styrke folkehelsa for barn og unge. Dette er eit illustrasjonsbilde. Erik Birkeland/TINGH

Brukt over heile landet – får gode tilbakemeldingar

I den ferske evalueringsrapporten frå Proba samfunnsanalyse og Folkehelseinstituttet får det digitale læremiddelet gode tilbakemeldingar. 

Rapporten viser at læremiddelet er fleksibelt, lett tilgjengeleg og blir opplevd som relevant. Det er også i tråd med læreplanen og hentar inspirasjon frå ulike faglege retningar. Samtidig peikar rapporten på at læringsutbyttet enno er uvisst, og at bruken varierer mykje mellom dei ulike kommunane og skolane.

– Vi tenker det er noko av styrken med Livet&Sånn at ein kan bruke det på så ulike måtar både systematisk, men også fleksibelt, seier Jens Plathe i Proba. Evalueringa bygger på erfaringar frå tre kommunar, ni skular og ei nasjonal spørjeundersøking. I tillegg er det gjort ein gjennomgang av nettsida til prosjektet, livetogsann.no.

Evalueringa skal vise vegen vidare

Verktøyet blir brukt i barnehagar og skoler over heile landet og inneheld gratis undervisningsmateriell innan folkehelse og livsmeistring.

– Det er kjempegøy å sjå kor enormt Livet&Sånn har spreidd seg sidan 2020. Tilbakemeldingane frå brukarane er svært gode, seier prosjektleiar Anne-Hilde Lystad. 

– Vi må vite at materialet held god kvalitet og at måla med programmet blir nådd, seier Rigmor Hustad Holen, seniorrådgivar i fylkeskommunen. Ho legg til at evalueringa skal gi eit godt grunnlag for vidare utvikling og framtidig drift.

Evalueringa held fram neste skoleår, da med fleire kommunar og nye deltakarar. Finansieringa av Livet&Sånn gjennom folkehelseprogrammet varer ut 2026.

Teikna illustrasjon av barn med ulik bakgrunn og utsjånad. I midten sit ei gruppe barn rundt eit bord og teiknar, med fargerike element som regnboge og bokstavar på veggen i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteIllustrasjon frå nettsida til læringsverktøyet. Livet&Sånn

Kontaktpersonar