Lokalmat-prosjekt har knytt kokkar og bønder tettare saman

Prosjektet Lokalmat Møre og Romsdal, finansiert av fylkeskommunen, går no mot slutten etter fleire år med målretta arbeid for å auke produksjon og sal av lokalmat i fylket.

Dei siste åra har prosjektet styrkt lokal verdiskaping gjennom systematisk innsats retta mot både produsentar og marknad.

Eit hovudgrep har vore å etablere møteplassar mellom lokalmatprodusentar og kokkar. Gjennom regelmessige kokk–bonde-verkstadar på restaurantar har partane utvikla råvarer, produkt og menyar i fellesskap. Prosjektet har også samla nettverket til årlege inspirasjonssamlingar med fagkurs, foredrag og speed-dating, for å styrke relasjonar og skape nye samarbeid. I tillegg har deltakarane fått tilbod om kurs og fagseminar om berekraftig matproduksjon, grøntproduksjon og merkevarebygging i samarbeid med NORSØK og Matarena.

Prosjektet har vore tidsavgrensa, og den organiserte prosjektaktiviteten blir no avslutta. Erfaringane og kunnskapen frå arbeidet lever vidare hos aktørane i fylket.

I perioden 2024–2025 blei det selt lokalmat for 358 millionar kroner i Møre og Romsdal. Dette er ein vekst på 4,7 prosent frå året før, ifølge Stiftelsen Norsk Mat.