Lokalpolitikarar fekk grunnkurs i maritim næring

Over 40 lokalpolitikarar på tvers av parti og kommunar var samla hos Norsk Maritimt Kompetansesenter ved Campus Ålesund. 

Gruppe med poltikarar sitt og høyrer på kvinne som står og orienterer - Klikk for stort bileteLokalpolitikarar fekk grunnkurs i maritim næring bluemaritimecluster

Formålet med samlinga var å lære meir om maritim næring. Dei som sto bak arrangementet var Maritimt Forum Nordvest og GCE Blue Maritime Cluster som gjekk av stabelen onsdag 10. januar. Saman med sine medlemsbedrifter ønsker dei meir fokus på maritim politikk, også lokalt. 

Blant dei folkevalde tilhøyrarane var ordførarar og varaordførarar frå fleire lokale kommunar, fylkesordførar i Møre og Romsdal, samt fleire gruppeleiarar. I tillegg var lokale bedrifter representert.

Ein av dei folkevalde som deltok på arrangementet var Annika Brandal, tidlegare varaordførar i Hareid kommune. Ho peika på at samlinga var både spanande og lærerik, og at det er nyttig for politikarane å møte næringslivet på ein slik arena.  

- Det er fint at vi folkevalde kan samlast på tvers av parti der alle får same informasjon utan «partibriller» på.  Eg håper at det blir invitert til fleire slike samlingar, sa ho til bluemaritimecluster.no.

Klikk her for å lese saka som blei først publisert hos bluemaritimecluster.no