Loppemarknad: Sal av brukte kontormøblar

Vi tømmer fylkeshuset for møblar som ikkje er i bruk. Kanskje du finn noko som passar for deg?

Sal av brukte kontormøblar den 6. november. Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til møbelsal /loppemarknad.

TID: 06. november kl 16-18:00
STAD: Fylkeshuset, inngang frå underetasje/garasje mot Molde Fjordhotell.

Hyller, skap, trilleseksjonar, bord, pultar, tavler, stolar og mykje meir kan kjøpast for ein låg pris.

Du betalar og hentar møblane på plassen. Betaling med vipps.
Vi tar dessverre ikkje i mot reservasjonar på førehand.