Lovfesta tannhelsetilbod til unge vaksne 19-28 år

Frå 1. juli har unge vaksne mellom 19 og 28 år lovfesta rett til tannhelsetilbod. Er du i denne aldersgruppa, kan du ha rett på nødvendig tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta. 

Kva tilbod kan du forvente å få? 

Tannlege og tannpleiar som gir tannbehandlng til pasient - Klikk for stort bileteFrå 1. juli har unge vaksne mellom 19 og 28 år lovfesta rett til tannhelsetilbod. Tingh

Tilbodet til denne pasientgruppa er under utbygging. Derfor vil akutte problem, eller nødvendig tannbehandling som ikkje bør bli utsett, bli prioritert. Dersom du ønsker ordinær undersøking eller behandling som ikkje hastar, må du rekne med ventetid.

Kva gjer du for å få rabatt?

Ta kontakt med den offentlege tannklinikken der du bur for å avtale time, dersom du ikkje allereie har timeavtale.
Oversikt over offentlege tannklinikkar i Møre og Romsdal finn du her.

Les meir om tilbodet på mrfylke.no/tannhelse