Ungdomspanelet fotografert i Geiranger tidlegare i år.
Per-Kristian Bratteng
– Vi har lagt vekt på å støtte tiltak som skapar gode opplevingar og aktivitetar for ungdom mellom 13 og 19 år, og som er opne og tilgjengelege for fleire i lokalsamfunna, seier leiar av ungdomspanelet, Magnus Smørdal.
Det var i møtet 13.-14. desember at ungdomspanelet for andre gang i år tildelte 125.000 til ungdomsaktivitetar i fylket. I april i år vart det løyvd eit likelydande beløp til 11 ungdomsaktivitetar.
– Ungdomsmidlane er ei viktig ordning som gir ungdom over heile fylket – både byar og mindre bygdesamfunn – moglegheit til å skape aktivitetar som engasjerer og inkluderer. Dette er ei av få støtteordningar som er spesielt retta mot ungdom, og som kan bidra til alt frå nytt utstyr til ungdomsklubben til lågterskel sosiale møteplassar, seier Smørdal.
Her er lista over dei som får tilskot:
Tiltak | Søkar | Kommune | Tilsegn i kr |
---|
Arrangement for ungdom | Stordal ungdomsråd | Stordal | 15.000 |
«Ung frå Aure» | Aure ungdomsråd | Aure | 15.000 |
Gratis rusfritt arrangement for ungdom | Jenny Småge, miljøarbeider for ungdom) | Aukra | 15.000 |
Innkjøp av to diskgolfkurver | Harøy discgolf, Harøy IL | Haram | 12.598 |
Innkjøp av sportsutstyr | Join us | Molde/Ålesund | 27.403 |
Aktivitetskveld | Elevrådet ved Fræna ungdomsskule | Hustadvika | 15.000 |
Aktivitetsdag | Kristiansund ungdomsråd | Kristiasund | 10.000 |
Ungdomskveldar | Bondalen Frilynde Ungdomslag | Ørsta | 14.999 |
| | SUM: | 125.000 |
Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll frå Ungdomspanelet 13.-14. desember