Løyvde to mill. til «Grøne industrielle løft»

Sintef Ålesund AS og Tomra Konfeksjon AS får til saman nær to millionar kroner i tilskot. 

Vedtaket i kompetanse- og næringsutvalet var einstemmig. Tilskotet er løyvd frå eitt av Skaparkraft-programma; Grøne industrielle løft.

1 mill. til Sintef Ålesund

Sintef Ålesund får ein million kroner i tilskot til prosjektet «Utvikling av verdikjeder basert på bi-produkter fra fiskeoljer». Prosjektet ønsker å utnytte ei av sidestraumane av raffineringsprosessen for omega-3, og sjå korleis råglyserol kan bli brukt om igjen i eigen produksjon, og bruke restråstoffet til å utvikle nye sirkulære verdikjeder.

I prosjektet samarbeider Omega-3-aktørane i Møre og Romsdal: KD Norway AS, GC Rieber VivoMega AS, EPAX Norway AS, Berg Lipidtech AS (BLT), og Pharma Marine AS (PM), saman med Sintef og NTNU.

995.000 til Tomra Konfeksjon

Tomra Konfeksjon får 995.000 kroner til eit utviklingsprosjekt for reparasjon og livsforlenging av fritidsklede. Målet er auka ombruk, mindre klede som er lansert i hyppige kolleksjonar såkalla «fast fashion», og dermed redusert tekstilavfall. Dei ønsker å etablere ei effektiv og brukarvenleg logistikkløysing for mottak, handtering og utsending av brukte klede.

Tomra Konfeksjon AS samarbeider om prosjektet med Sport Holding AS, Bergans AS, Amatec AS og Protomore.

Begge tilskota er avgrensa til maks 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag.

Dette er Skaparkraft

Skaparkraft er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt 10-årige program for å styrke eksportnæringane og stimulere til utvikling av nye næringar. Satsinga er eit regionalt samarbeid mellom offentlege aktørar, næringslivet og verkemiddelapparatet i Møre og Romsdal.

Programmet har fire satsingsområde; Grøne industrielle løft, Smart teknologi, Fornybar energi og Kompetanse i og for næringslivet. Programmet sine utlysingar og midlar til prosjekt bygger godt oppunder den nasjonale satsinga på det grøne skiftet.

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet 8. mai 2024