Fylkesutvalet ser at utdeling av midlar til frivilligsentralane i Møre og Romsdal er eit viktig bidrag til dei som slit mest med å få endane til å møtast, går det fram av vedtaket.
Pengane skal gå til å organisere innsamling av mat og andre forbruksartiklar frå handelsstand og andre for å gi til dei innbyggarane som treng det mest, og midlane skal fordelast etter folketal i kommunen.
For kommunane som ikkje har frivilligsentral, kan kommunane fordele midlane til andre liknande organisasjonar. Løyvinga blir dekt av fylkesutvalet sin reservepost.
Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll frå fylkesutvalet tysdag 1. oktober 2024.